Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Enkelte krefter har prøvd å få Fosen-saka til å handle om samar og kultur, men det er etter mi mening eit røykteppe over den eigentlege skandalen, nemleg at den norske statsmakt nektar å følgje sine eigne lover og reglar. Og det er eit alvorleg problem for demokratiet vi hevdar å ha her i landet.
Vi har ei regjering og politikarar som nektar å følge ein dom i Høgsterett, men ikkje nok med det, Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) hevar dei seg også over, og det har dei gjort i mange år.
I skrivande stund kjenner eg på ei skam, men også på ei frykt for framtida. Ikkje så mykje for eigen del, men for mine barn og deira etterkommarar, for framtidige generasjonar.
Vindturbinane på Fosen bør på ingen måte få stå. Dei bør fjernast på utbyggjar si rekning, for å sette eit døme for ettertida. Ein kan ikkje berre ta seg til rette i norsk natur ustraffa.
Eg er klinkande klar over at dette vil medføre store kostnadar og tap av kraftproduksjon, men det burde ein tenkt på før. Vi kan ikkje tillate at folk med makt og pengar får dure fram slik dei vil, eller at politikarane får selje skinnet utan at bjørnen er lovleg skoten, ei heller gå på akkord med menneskerettane, og ignorere dommar i rettssystemet vårt.
Her må vi som folk seie klart og tydeleg ifrå, for slikt kan vi rett og slett ikkje akseptere. Heldigvis har den samiske befolkninga sagt klart i frå i «Fosen-saka», og vist ein metode for misnøye som vi bør ta lærdom av, og kanskje også utøve i større utstrekning?
Det er på høg tid at det norske folk kastar lua, tek bladet frå munnen og seier klart frå om den massive systemsvikten som ser ut til å skje over heile linja i vårt langstrakte land.
Det er ikkje vanskeleg å finne saker å underbygge argumenta mine med, men det er spesielt tre saker som etter mi meining viser klart og tydeleg myndigheitene sin manglande respekt for menneskerettane.
Birgitte Tengs sin fetter fekk Noreg dømd i Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) i februar 2003. Det tok staten rundt 7240 dagar å etterleve dommen som Noreg fekk mot seg, og frikjende fetteren.
For over 1200 dagar sidan, den 10. september 2019, vann Trude Lobben og sonen hennar saken mot barnevernet i storkammeret i Den Europeiske Menneskerettsdomstolen. Sidan den gong har den norske stat gjort absolutt ingenting for å etterleve reparasjonsplikta.
For over 500 dager sidan, den 11 oktober 2021, kom Høgsterett samrøystes i storkammer, til at konsesjon til vindkraftutbygginga på Fosen blei kjend ugyldig fordi utbygginga krenkar reindriftssamane sin rett til kulturutøving.
Sidan den gong har den norske stat gjort lite eller ingenting for å etterleve dommen.
På bakgrunn av dette, og spesielt sistnemnde punkt er Noreg i ferd med å få eit alvorleg omdømmeproblem i utlandet kva menneskerettar angår. I skrivande stund har vårt lille land heile verdas kameralinser på oss der det blir godt dokumentert og kommunisert at her i landet verkar myndigheitene å bry seg lite eller ingenting om menneskerettane.
Vi er raskt ute og fordømer regime i andre verdsdelar som bryt med grunnleggande menneskerettar og som vi ikkje ønsker å samanlikne oss med, men er vi så mykje betre sjølv når liv og lære ikkje går saman?
Får vi som nasjon eit omdømmeproblem fordi vi går på akkord med menneskerettane, vil dette kunne ha ein stor smitteeffekt og gi eit dårleg rykte som kan skade oss som nasjon, på fleire nivå.
Vindturbinane på Fosen handlar om mykje meir enn reindrift og kraftproduksjon, det er ei prinsippsak om neglisjering av menneskerettar og inngripen i naturen, som ikkje berre skjer her i landet, men over heile verda, der menneske si jakt på ressursar er i ferd med å gjere uboteleg skade på naturen og artsmangfoldet, som utvilsamt vil få konsekvensar i generasjonar framover.