Eg skal skriva om noko som på eit vis er ganske teknisk no, men ikkje desto mindre viktig for heile det norske samfunnet. Det skal handla om grunnrente. Kva rolle kan og bør grunnrente få i det grøne skiftet i dei norske distrikta, og for samfunnet vårt? Distrikta våre er rike på naturressursar, og det er nett her grunnrente blir viktig. Det grøne skiftet vil gjera seg bruk av naturen i dei norske distrikta, men kven skal tena på det, og korleis kan me innretta ein slik økonomi?

Grunnrente, svevar mykje rundt i den norske offentigheita i desse dagar, og er nemnd i samband med både oppdrettslaks og høge straumprisar. Heilt nyleg har regjeringa sagt at dei skal innføra grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa og for vindkraft på land. Kva betyr dette eigentleg? Og kvifor kan slike grep bli svært viktige i det grøne skiftet?

Då finansministerSlagsvold Vedum lanserte grunnrenteskatt på oppdrett og vindkraft i slutten av september i år, viste han til det han kalla ein norsk tradisjon for deling av verdiane frå felles naturressursar. Ja, det finnast ein slik tradisjon. Det var den amerikanske forfattaren Henry George, som seint på 1800-talet, populariserte ideen om skatt på rente som skreiv seg på felles naturressursar, i første omgang frå grunneigedom. Boka han skreiv om dette var den mest lesne om økonomi på heile 1800-talet.

I Noreg var det særleg jærbuen Arne Garborg som støtta tankane til Henry George tidleg på 1900-talet:«Jordi er som vatn, som luft, eit livsvilkår, alle hev rett til jord, som hev rett til liv», skreiv Garborg. Tanken var at alle hadde ein rett til naturressursane. Arbeidardemokraten Johan Castberg og Venstres statsminister Gunnar Knudsen stod litt seinare sentralt på Stortinget då konsesjonslovene vart innført fram mot 1917. Både heimfallsrett og fordeling av grunnrente frå fossekraft vart då knesett som prinsipp i norsk politikk, og seinare vidareført for olje og gass på 1970-talet.

Kva er så denne grunnrenta? I dag blir grunnrente oftast forstått som ein pengesummen du som brukar ein naturressurs må betala til eigaren av denne ressursen for bruken. Økonomane i dag snakkar ofte om grunnrente som ein superprofitt eller reinprofitt. Då er det snakk om eit overskott du sit att med etter at alle innsatsfaktorar i produksjonen, inkludert kapital og arbeidskraft, har fått sin markedsmessige avlønning, som det heiter så fint på økonomisk. Dette ekstra overskotet kjem som oftast fram dersom du brukar ein avgrensa naturressurs, ein produksjonsfaktor som det ikkje kan lagast meir av, og som berre nokre har tilgang til.

Potensialet for grunnrente som rein pengeverdi er bestemt av markanden. Ikkje alle naturressursar er i stand til å gi grunnrente av betydning i denne tradisjonelle tydinga av omgrepet: av og til er det for dyrt å få tilgang til eller å produsera frå ressursen, i forhald til prisen i marknaden. Andre gonger kan måten ressursen forvaltast på, gjera bruken for dyr eller føra til over utnytting. Då blir det heller ikkje grunnrente.

Formuleringane ovanfor har eg stort sett eg har lånt frå økonomien, men eg syntest eigentleg ikkje dette er veldig klargjerande i seg sjølv, og eg er ingen økonom. Dimed skal eg heller gå sosiologisk til verks framover. Då er det tre grunnleggjande spørsmål me kan stilla oss i samband med grunnrente:

1) Korleis oppstår grunnrente?

2) Kva for aktørar er det som er involverte når me snakkar om grunnrente? Korleis oppfører dei seg og korleis er dei sosiale relasjonane dei i mellom: til dømes, kven er det som endar opp med å få grunnrente ?

3) Kva rolle har grunnrenta i det økonomiske systemet? Til dømes, kva rolle har grunnrente i kapitalakkumulasjonsprosessar og i fordeling av godar?

For å ta det første først, som jo ofte er lurt: korleis oppstår grunnrente? Her må me tilbake til det tidlege 1800-talet, og til tenkjaren David Ricardo. Ricardo reknast som den moderne grunnrenteteorien sin far, alle som vil innom grunnrente, må forbi Ricardo.

Med Ricardo kan me snakka om differensialrente. Det var det skilnaden, eller differansen i kvalitet på forskjellig jord som gav opphav til grunnrente i hans teori; slik at om 1000 kroner verd i kapital og arbeid vart lagt ned i eit fruktbart og lettdrive jordstykket, så ville dette gi ein ekstra forteneste mot å legga ned same arbeid og kapital i eit skrint og tungdrive jordstykke. Den ekstra fortenesta var grunnrente, også kalla ei differensialrente, sidan det var forskjellane i jordkvalitet som var viktige. Dette kan også i prinsippet overførast på andre ressursar, som olje, fisk eller vasskraft. Dei mest produktive ressursane frå naturen si side, gir ei ekstra forteneste som dei dårlegare ressursane ikkje gir. Grunnrente er då meirefortenesta som trer fram ved bruken av ein produktiv naturressurs.

Men, kven er det som endar opp med å få grunnrenta? No er me over på det andre grunnleggjande spørsmålet. Det ligg implisitt i Ricardo sin teori at det er jordeigaren eller grunneigaren som får grunnrenta, det er faktisk heile poenget: I samfunnet var det slik at arbeidaren arbeide og fekk løn for det, kapitalisten styrte showet, og fekk for det avkastning på kapitalen sin. Grunneigaren eigde jorda, og kunne då hausta grunnrente.

Dette siste poenget spann den kjende kapitalismekritikaren Karl Marx vidare på. Han understreka at det aller viktigaste når det kjem til grunnrente, er kontroll og makt over ein avgrensa ressurs. Det er eigedomsretten som er det viktige, den eksklusive retten til bruk. Når dette fører til at nokre kan monopolisera og kontrollera delar av jordkloten, så gjer det at noko av verdien som skapast kan bli fanga inn av eigedomsretten - ja, den ekstra verdien kjem nett til fordi eigedomsretten til ressursen er der. Då snakkar me om monopolrente og absolutt rente. For Marx handla det om å fanga inn meirverdi frå monopolressursar. I kapitalen bind tre skriv Marx følgjande, med vasskraft som døme:

Ein foss er ikkje resultat av ei kapitalinvestring. Dimed er meirverdien frå bruken av fossen ikkje eit resultat som skriv seg frå kapitalen, men frå bruken av ein naturressurs som kan bli monopolisert, og som har blitt monopolisert av kapitalen. Under slike førehald blir meirverdien omdanna til grunnrente, og fell til eigaren av fossen.

No har me bevega oss inn på det tredje spørsmålet som eg nemnde tidlegare: Kva rolle har grunnrenta i det økonomiske systemet (det vil sei i kapitalismen), kva rolle har den i kapitalen sin akkumulasjon? Det er dette som blir dei viktige spørsmåla i det komande grøne skiftet i dei norske distrikta.

Mykje forsking som er gjort dei ti-femten siste åra, har vist at det er ei trend i den globale kapitalismen no at akkumulasjon av kapital i større og større grad går føre seg, ikkje ved å investera i innovasjon eller auka produksjon, men ved å setja kapitalen inn på ressursar som allereie er der, der grunnrente og avkastning på kapital kan akkumulerast som den viktigaste, og mest risikofrie vegen til profitt. Thomas Piketty og Marianna Mazzacato er to kjende røyster innanfor denne tradisjonen. Rikdom vil altså i større og støre grad bli akkumulert frå renter på alt frå eigedom og bustader og patentar, til jord og naturressursar.

For vår del, som snakkar om det grøne skiftet i dei norske bygdene, er det sjølvsagt naturressursane som er mest interessante. Det grøne skiftet i dei norske distrikta kan også lett vera med på å forsterka denne rentenist-trenden i kapitalismen. Det kjem nemleg stadig meir forsking som peikar på at økonomisk vekst på den måten me har sett det gjennom dei siste to hundre åra, og særleg slik me har sett det etter andre verdskrigen, ikkje kan halda fram innafor planeten sine tolegrenser. Når bedrifter og styresmakter må forhalda seg til dette, vil den private kapitalen finna det endå meir lukrativt å investera i, og kontrollera, dei avgrensa fornybare naturressursane som ligg i dei norske distrikta, som skal brukast i det grøne skiftet, og som vil kunna gi grunnrente.

I ei slik situasjon vil me trenga staten. Mange snakkar i dag om at me lever i den geologiske tidsalderen antropocen (menneskets tidslader), der menneske endrar heile planeten, og at me difor treng eit grønt skifte. Eit meir korrekt utrykk, meiner ei stadig voksande gruppe forskarar, er at me lever i kapitalocen (kapitalen sin tidsalder). Det er ikkje menneska som så, men kreftene i kapitalismen som gjer utslaget. Ein viktig prosess her, er at kapitalistar har ein tendens til å sjå naturen som gratis, slik at dei ikkje anerkjenner at det skulle finnast ein verdi i naturen, eller ei grunnrente, som høyrer til fellesskapet, men i staden tek ut alt som profitt. I ein slik samanheng kan få ting kan vera betre enn å bremsa kapitalen si store innverknad samfunnsutviklinga, og dra inn grunnrente frå naturressursane i distrikta til fellesskapet. Eit grønt skifte bør vera tufta på det.

Det vil vera viktig at staten klarer å fordela potensiell grunnrente frå naturressursane gjennom det grøne skiftet, anten via skatt, eller via rettigheiter for borgarar til bruk av det som ressursane produserer – til dømes straum. Det er ein slik skatt den sitjande regjeringa no vil bruka på vindkraft og oppdrett, og på vasskraft har me historisk hatt ein kombinasjon av skatt og rettigheiter til billig straum. Slikt kjem sjølvsagt ikkje av seg sjølv, og det er resultat av ein ganske unik politisk tradisjon drive fram av kløktige politikarar, så vel som frå dei demokratiske egalitære grasrots-tradisjonane våre. Då grunnrentebegrepet vart brukt som filosofisk brekkstang ved innføring av konsesjonslovene for vasskraft på 1900-talet, stilte politikarane seg heilt grunnleggjande spørsmål, slik Rune Slagstad har formulert det:

I hvilken grad, og på hvilken måte, kan politiske beslutninger begrense markedets bevegelser? Og i hvilken grad, og på hvilken måte, setter markedslogikken begrensninger for den politiske logikk?

Slike spørsmål må me også i dag stilla oss.

Etter kvart som me blir stadig meir avhengige av dei fornybare ressursane for å skapa berekraftig utvikling, vil truleg verdiane som skriv seg frå nett naturressursane – altså grunnrenta – bli endå meir verdt. Me kan, med støtte i økologisk økonomi, seie at ressursane me har tilgjengeleg må få ein heilt anna og heilt grunnleggjande rolle i måten me forstår økonomisk verdi på. Dei fornybare ressursane er uerstattelege, og ikkje til å koma utan om som grunnlag for heile økonomien. I ein berekraftig økonomi som ikkje kan gjera seg bruk av fossile kjelder, vil verdien av desse bli stor. Ved å reisa debatten om grunnrente og skattlegga den, vil samfunnet bli bevisstgjort kor viktig bevaringa og avkastinga av naturressursane er. Grunnrente kunne like godt heite naturressursrente, som faktisk er eit betre namn, reint fagleg.

Me må sørgja for at ikkje private aktørar kan driva med det som nokre forskarar kallar «verdi knabbing» (value grabing») eller at grunnrente blir eit verdisluk (surplus drainage») som går rett til private eigarar. Sjølvsagt skal private aktørar kunna får rimeleg avkastning på kapitalen, og rimeleg att for arbeidet som dei legg ned, men grunnrenta – som altså er den ekstra verdien du får for å ha rett til å bruka ein avgrensa naturressurs - bør fellesskapet ha.

Dei fornybare naturressursane våre er eigd av alle: det er ikkje kapital eller arbeid som har skapt naturressursane, dei er der frå naturen si side, og høyrer alle til. Det er difor at verdiane som blir skapt frå dei bør delast via den demokratiske staten som representerer alle innbyggjarane.

Dei fornybare ressursane ligg jo som me veit mykje i distrikta våre: langs kysten vår, i utmarka, i fjella og skogane våre. At ei eventuell grunnrente også må koma lokalsamfunna til gode, bør vera ei sjølvfølge. Men, her må me også ha alle distrikt i mente - også dei som ikkje er så heldige å ha ressursar som gir grunnrente.

Som eg før har vore med å føreslå, kunne me sjå føre oss å oppretta eit grønt grunnrentefond til fordeling. Her kunne det vera slik at ein tredjedel gjekk til staten, ein tredjedel til kommunen og ein tredjedel til eit distriktsutviklingsfond til fordeling mellom kommunar utan inntekter frå grunnrente, slik eg og kollega Reidar Almås har foreslått. No har Regjeringa foreslått halvparten kvar til stat og vertskommune, men det er ingen ting i vegen for at den rike staten vår kunne sette av halvparten av sine femti prosent til ei grunnrentefond til fordeling.

Kva så med bedriftene som meiner at skatt på grunnrenta hemmar dei? Aksjane gjekk raskt ned på oppdrettselskapa då grunnrenteskatten vart kjend for nokre veker sidan. Her skal me hugsa at ein skatt på grunnrenta, som me nemnde i starten, er ein skatt på overskot som går ut over normal, forventa avkastning på arbeid og kapital – det er altså ein skatt på den ekstrafordel du får ved at du har fått eksklusiv rett til å bruka ein naturressurs. Dette skulle då ikkje gå ut over kor konkurransedyktig ei bedrift er. Dette er ikkje nett mitt felt, så her ser eg meg nøyt til å sitera NOUen som Karen Helen Ulltveit-Moe leia om grunnrenteskatt i 2019:

Investerings- og driftsbeslutninger som er lønnsomme før skatt, vil også være lønnsomme etter skatt. En riktig utformet skatt på grunnrente som knytter seg til stedbundne ressurser, vil for eksempel virke slik. Så lenge en klarer å avgrense skattegrunnlaget på riktig måte…

Det er jo kanskje dette spesifikke tekniske som vil væra utfordringa med skatt på grunnrente, både korleis å utforma skatten, og korleis me skal fordela den.

Eg har forståing for gründerar og bedriftseigarar som kan frykta for å bli høgt skattlagde av ein grunnrente skatt, som fryktar å ikkje kunna konkurrera globalt. Men, me skal då altså hugsa at grunnrenteskatten er ein skatt på ein del av overskotet som skriv seg frå bruken av ein felles ressurs som nokre har fått eksklusiv rett på å bruka, og berre den delen av overskotet som sjåast som ein slags ekstra bonus utover kva ein kan forventa. Kva som er ei rimeleg verdsetjinga av grunnrenta og forventa avkastning på arbeid og kapital, må sjølvsagt diskuterast.

Det som uansett er sikkert, er at også i framtida, i ei verd som ikkje kan basera vekst og velstand på bruk av fossile kjelder og overforbruk av andre ressursar, må ei viss utjamning og fordeling av grunnrente bli heilt sentralt for at staten skal kunne garantera for gode liv og tenestetilbod både i distrikta våre og i byane.

Nett som tidleg på 1900-talet, står me no andsynes eit skifte i den globale kapitalismen, og det har opna seg eit rom for redefinering av kva roller stat og markand skal ha i samfunnet vårt. Mekanismar som kan sørgja for ei fordeling av grunnrente til fellesskapet passar godt inn no. Slik vil me kunna kanalisera grunnrenta som vil koma frå naturressursane gjennom det grøne skiftet til det beste for heile samfunnet.

  • Kronikken er ei lett omarbeida versjon av innlegg halde på Ruralis sin distriktskonferanse på Hell 18.10.2022.
  • Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning er eit nasjonalt forskningssenter som gir fakta, analyser, idear og ny kunnskap om utviklinga i Bygde-Noreg. Senteret blei oppretta i 1982. (Wikipedia)