Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Måndag 22. mars arrangerer UiT Norges arktisk universitet (UiT) ein del av den årlege Peter F. Hjort-konferansen i 2021 i Vadsø med tema grøn næringsutvikling.
Temaet er stort og krevjande, men i Peter F. Hjorts tradisjon. Hjort stod i spissen for at eit nytt universitet i Nord-Noreg kunne løfta velferdsstaten i landsdelen til eit akseptabelt nivå.
Det grøne skiftet er ei like stor utfordring. Grøn næringsutvikling skal gje eit næringsliv som driv på ein måte som ikkje medverkar til at temperaturane aukar globalt. I denne utfordringa er det å få kapital og kunnskap inn på dei grøne vegane avgjerande. Dette gjeld i lokalt næringsliv og i offentleg næringspolitikk på alle geografiske nivå. Universiteta må også finna ein plass i dette skiftet.
Å slå gjennom i moderne grøn næringsutvikling er krevjande. Mykje fordi den handlar om samhandling mellom privat sektor, verkemiddel for å trekkja kapital bort frå attraktive ikkje-grøne verksemder og om forsking som ofte handlar om anna enn grøn næringsutvikling. På globalt nivå understrekar FNs Agenda 2030 kor viktig privat sektor er. I Europa har EUs «Green deal» mål om å styra 30 prosent av privat kapital til grønt næringsliv innan 2050. Forskingssatsingane til EU gjennom Horisont-programma skal trekkja kunnskapsutvikling i same lei. Troms og Finnmark, som over 200 andre europeiske regionar, nyttar «smart spesialisering» for å finna effektiv støtte til innovasjon no også med mål om grøn næringsutvikling. Det er ikkje berre for ein nordnorske region å skriva seg inn i dette.
Internasjonalt er såleis eit grønt skifte ny fordeling av ressursar i økonomiar med stor konkurranse, knappe kapitalmengder og store krav til klimaeffektar. Då kan det vera ei trøyst for oss at i norsk politikk kan staten dekka kapitalbehova. God argumentasjon for statens nøkkelrolle finn vi til dømes i det breie initiativet «Grøn Industri 21» som også får støtte frå den politiske opposisjonen. Aust-Finnmark kan opplagt få ei sterk rolle i eit grønt norsk politisk regime der det er staten som styrer og vel satsingar. Også fordi det er dei nordlegaste samfunn i Arktis og i Noreg som blir mest ramma av temperaturauke og konsekvensane av denne.
Aust-Finnmark fekk gjennomslag då staten betalte for å få bort industriutsleppa på russisk side av grensa. Men likevel, grøn næringsutvikling i Nord-Noreg kjem til å bli utkantsamfunn sine evne til svara på globale klimastrategiar. Dette vil vera svara frå femti-seksti små og spesialiserte bu- og arbeidsmarknadsregionar med store avstandar mellom. Det er små bedrifter i få sektorar som ikkje driv grøn industri. Det er sårbare relasjonar mellom økosystem og lokalsamfunn der urfolk lever liv som er vare for temperaturauke. Det er eldre som naturleg nok ikkje vil dra det grøne skiftet. Det gjer heller ikkje dei innpendlarar som erstattar arbeidskraft frå lokal, men utflytta, ungdom.
Når vi likevel set Aust-Finnmark på dagsorden i grøn næringsutvikling, er det fordi utviklinga i slike område også er sentrale for klimaet på kloden. Mange samfunn globalt slit minst like mye med demografisk berekraft som med all anna berekraft. I den samanhengen er det viktig å kasta lys over grøn næringsutvikling slik den veks fram i utkantane av den globale klimapolitikken og på kva måte universiteta kan inngå i slike samanhengar.
Programmet for Peter F. Hjort i Vadsø viser fram tema og initiativ som er interessante, dekkande og viktige.
Den korte og innhaldsrike historia til hydrogensatsinga i Berlevåg industripark viser at samfunn i Aust-Finnmark kan leggja til rette for gode prosjekt i internasjonal klimapolitikk. Prosjektet har for lengst vist det gjennom å ha oppnådd store finansieringar frå EUs forskingsprogram. Og satsinga har fått gjennomslag i europeiske regionale strategiar gjennom innovasjonar som styrkar også andre lokale og regionale næringar som fiskeria enn energiprodusenten. UiT har inkludert prosjektet i sine store satsingar i senteret for forsking på berekraft energi (ARC), SINTEF har gjort dette for lengst. Kunnskap søkjer såleis til lovande grøne initiativ.
Både klima og pandemi utfordrar reiselivet og ikkje minst dei modellane som har gitt den store veksten i nord dei siste tjue åra. Noen nordlendingar påstår at UiTs svar er å avvikla reiselivet i nord. Det er det ikkje, konferansen samlar derimot lokale drivarar og hjelparar, NHO Arktis og UiT for å diskutera kva dette nye reiselivet vil vera. Universiteta har, og skal ha, ei nøkkelrolle når viktige aktørar drøftar avgjerande utviklingstema med grøn farge.
UiTs storsatsing på djup og grunnleggjande klimaøkologisk overvaking av arktisk tundra (COAT) har eit av sine to kjerneområde på Varangerhalvøya. Primærmålet er ikkje grøn næringsutvikling, men registreringane kan også gje ny utvikling i til dømes reindrift, friluftsliv og turisme. COAT understrekar relevansen av den tradisjonelle posisjonen til forsking ved universiteta i debattane om grøn næringsutvikling.
For mange er ikkje Aust-Finnmark den første regionen ein tenkjer på når verda skal utvikla eit nytt næringsliv for å møta klimaendringane. Men årets Peter F. Hjort-konferanse i Vadsø viser fram at ein slik region har, og har tatt, ein plass i moderne klimapolitikk. Det er såleis muleg både å sjå og fylla lokale rom med ny kapital, og kunnskap.
Nordnorske utkantregionar har eit grunnlag for å utvikla eit moderne grønt næringsliv. Gjennom å dyrka fram mange kjenneteikn, også langt utover dei som spesielt blir drøfta på konferansen. I alle av dei bør universiteta ha ei rolle. Men som Aust-Finnmark, UiT er også på veg inn i det grøne globale skiftet.