Gå til sidens hovedinnhold

Gje oss Blix og Olsen på nynorsk, nå !

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nordland fylkesbibliotek etablerte nettstaden «Litteraturnett Nord-Noreg» for 3-4 år sia. Dette er ein viktig nettstad for å gje alle opplysningar om den rike bokskatten vi har her nord. Blant dei forfattarane som blir presentert her, er det rundt 80 forfattar som brukte og bruker nynorsk i heile eller mesteparten av den litterære produksjonen sin, og eit tjuetals forfattarar som har skrive eller skriv på dialekt.

Dessverre er dette opplysningar som ikkje kjem fram på denne nettstaden. Det mest graverande er at «Litteraturnett Nord-Noreg» i praksis boikottar «Nynorsk wikipedia» som kjelde. Det er utilgjeveleg at Elias Blix og Lars Berg blir presentert på bokmål her! Og det er ikkje rett å gøyme det faktum at det er rundt 100 nordnorske forfattarar som har nytta og nyttar nynorsk og dialekt i produksjonen sin.

Vi har tidlegare tatt opp denne saka med Nordland fylkesbibliotek, og berre fått det inkjeseiande svaret «Vi tar med oss innspela dykkar vidare i utviklinga av Litteraturnett Nord-Norge.» (brev 24.4.2017). Og unnskyldninga er at det ikkje er teknisk mogeleg å bruke artiklar frå Nynorsk wikipedia.

Når ein samtidig veit at prosjektet er utvikla saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no: Vestland fylkeskommune), som bruker Nynorsk wikipedia som kjelde, så blir det heile komisk. Meir uforståeleg er det også når vi ser at dei fleste nordnorske nynorskforfattarane er betre omtala på «Nynorsk wikipedia» enn på bokmåls-wikipediaen.

No har Nordland fylkesbibliotek hatt fire år på seg til å ordne denne saka, og det er på tida at dei sluttar med denne språklege diskrimineringa. Slepp dei nordnorske nynorskforfattarane fram i lyset, på sitt eige språk. Vi ønsker å lese om Elias Blix og Lars Berg på nynorsk. Og gje oss gjerne Ragnar Olsen også på nynorsk.

Kommentarer til denne saken