Heile verda er sjokkert over og fordømmer den russiske invasjonen i Ukraina. Krigen er eit brotsverk som er i ferd med å gi enorme skadar, både på Ukraina og det ukrainske folket, men også på Russland, der siste rester av ytringsfridom no forsvinn i krigshysteriet og tusener blir fengsla for å seie meninga si. Krigen øydelegg også det samarbeidet som gjennom mange år er bygd opp mellom folket i Russland og folk i andre land. Barentsregionen ligg i ruinar, samarbeid om handel, kultur og idrett stoppar opp. Vener blir fiender. Vestlige land kappast om å sende våpen til Ukraina, og blir slik ein del av krigen og aukar faren for spreiing til andre land og faren for at det vil ende med bruk av atomvåpen.

Krig er ei fortsetting av politikken med andre middel. Skal vi kunne få slutt på krigen må vi derfor forstå politikken som ligg bak, på begge sider av frontlinja. Det har skjedd ei opptrapping mot denne krigen frå tre partar, frå Russland, frå Ukraina og frå USA/NATO/EU. Russland har etter oppløysinga av Sovjetunionen forsøkt å gjenreise landet som økonomisk, politisk og militær stormakt, men blitt meir og meir innringa av NATO og EU sine framstøyt austover.

Ukraina er ein stat som har rett til å styre seg sjølv. Men liksom dei tidligare sovjetrepublikkane hadde rett til å lausrive seg, må Ukraina og verdssamfunnet også godta at provinsar der fleirtalet ikkje ønsker å vere ein del av den ukrainske staten har rett til å lausrive seg.

Ukraina er eit svært splitta land, der dei forskjellige landsdelane skil seg frå kvarandre i språk, religion og historisk bakgrunn, ikkje minst er det enno djupe sår etter 2. verdskrigen, der omtrent halve befolkninga sto på kvar side. Den nasjonalistiske rørsla har sterke fascistiske krefter. Vi må forstå redsla mange i Ukraina, ikkje minst russisktalande, har for å vere underlagt eit styre der desse kreftene får herje fritt.

Ein krig kan ende på to måtar: Ved at den eine parten utslettar den andre, og samtidig lir store tap sjølv. Eller ved at ein forhandlar seg fram til eit kompromiss. Ei forhandlingsløysing må bety at begge partar må gi og ta.
07.03.2022 møttest russiske og ukrainske delegatar til forhandlingsbordet i Kviterussland. Dei russiske krava var ifølge NRK at Ukraina skulle forplikte seg til nøytralitet gjennom ei endring av grunnlova, og at dei godtok Krim som russisk territorium. I tillegg kravde dei at Ukraina måtte godta at dei to russiskstøtta utbrytarrepublikkane Donetsk og Luhansk som sjølvstendige. Den russiske talspersonen sa: "Vi er klare til å stoppe krigshandlingane når som helst dersom Ukraina godtek krava".

Da er det ikkje lenger Russlands mål verken å innlemme Ukraina i Russland eller sette inn eit regime dei sjølv har kontroll over. Da er faktisk dei russiske krava ikkje heilt urimelige. Det bør vere mogleg med eit kompromiss, der desse provinsane får gjennomføre folkerøystingar under internasjonal kontroll, der fleirtalet avgjør om dei vil vere sjølvstendige, høre til Russland eller til Ukraina. Mulighetene for ei fredelig framtid i og rundt Ukraina vil også auke stort om landet godtar minoritetane sine språklige rettar og sørge for ei effektiv avvæpning av dei nazistiske bandene og eit oppgjør med nasjonalistiske brotsverk i historia. Ein garanti om at Ukraina ikkje blir medlem av NATO er også rimelig.

På andre sida må Russland stanse alle krigshandlingar og betale erstatning for det som er øydelagt og som enno kan gjenoppbyggast.

I staden for å sende våpen bør Noreg sitt bidrag vere å oppmode til ei slik forhandlingsløysing.

Nei til krig! Gi freden ein sjanse!