Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kva Solberg-regjeringa meinar om dette veit vi ikkje. Men utan å konkludere har fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen notert seg at EU er blitt meir sjølhevdande i Svalbardsona der Noreg i medhald av havretten rår grunnen åleine. EU-flåten tek seg til rette med ulovlege bifangstar i rekefisket, ulovlege lisensar i snøkrabbefisket og obstruksjonar i det regionale forvaltningsorganet NEAFC (Nordlys/Nordnorsk debatt 8. juli).
I vinter tok striden ei ny og langt meir alvorleg vending då EU-Kommisjonen gav seg sjølv ein torskekvote i Svalbardsona på 28.445 tonn, vel 10.000 tonn meir enn dei var tildelt frå Noreg. Med dette vil EU framleis fiske like mykje som før, utan omsyn til den nye kvotefordelinga som kom med brexit. For sine tidlegare, felles hav og fiskeressursar vart EU og britane samde om ei ny fordeling, men i Svalbard-sona ville EU trøyste seg med alt som var att historiske fiskerettar frå før 1977. Som om dei ikkje visste at etter internasjonal havrett og norsk lov er det berre Noreg kan tildele kvoter i fiskevernsona.
Så langt har EU fiska cirka 75 prosent av den lovlege torskekvoten som Noreg fastsette til 17.885 tonn. Årets fiske kom seint i gang, og mønsteret ser ut til å vere at trålarar med lisens for å fiske i NØS (Norsk økonomisk sone), går inn i Svalbard-sona når dei er ferdig med fisket i dei meir kystnære havområda. Dei første har gått fullasta heim, men kystvakta reknar med at det kjem fleire båtar etter kvart, og då er det berre snakk om få veker før torskekrigen mot EU-piratane er eit faktum
Den tilsynelatande harmonien på feltet står i grell kontrast til ein stadig meir uforsonleg tone i brevvekslinga mellom Oslo og Brussel. Dersom kystvakta grip inn med arrestasjonar eller kuttar trålen på EU-båtar for å stoppe fisket, vil EU «slå tilbake» med alle nødvendige middel, går det fram av eit brev den 26. februar. Her blir Noreg skulda for å drive systematisk og målretta diskriminering i vernesona. Den konspirasjonen Brussel meiner å sjå er viktige køyrereglar i FNs havrettstraktat og grunnsteinar i den russisk/norske fiskeriavtalen. Eit samarbeid så vellukka at også EU har «sitt» største og best forvalta torskefiske i norsk sone.
- Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen: Det er en svært alvorlig sak at EU tar seg til rette, i strid med Norges suverene rettigheter som kyststat
I svaret på skuldingane frå EU, datert 4. mai, går Utanriksdepartementet grundig til verks. Det går tydeleg fram at norske styresmakter ser alvorleg på at EU for første gong gjev seg sjølv ein kvote på ein norsk/russisk fellesbestand, fiska i norsk sone. Det bryt med havrettstraktaten og respekten for nære nabolands suverenitet. Eit sjølvhevdande EU med unilaterale kvoter for rovfiske svekkjer respekten for lov og rett i Arktis, undergrev ressursforvaltning og miljø på ein måte som også kan setje tryggjings- og utanrikspolitikken i nordområda under hardare press.
Noten til EU set kniven i Unionen sitt smertepunkt i høve til dei seks kyststatane i Arktisk Råd: Canada, Grønland/Danmark, Island, Noreg, Russland og USA. I motsetning til 10-15 andre statar har EU ikkje observatørstatus i rådet. No trugar Noreg med å blokkere ein ny søknad, slik Canada gjorde i 2013. Då gjaldt det EU-sanksjonane mot selfangst. No meiner run Noreg at EU, på bakgrunn av Arktisk Råd sitt regelverk, har diskvalifisert seg sjølv frå plassen rundt bordet ved å krenke norsk suverenitet i eit forsøk på å setje havretten ut av spel.
Då fiskevernsona vart oppretta i 1977 hevda styresmaktene at vi like gjerne kunne opprette ei full, eksklusiv økonomisk sone på 200 nautiske mil rundt Svalbard. Traktaten gav likevel utlendingar rett til fiske innanfor territorialgrensa. For å ikkje setje dette spørsmålet på spissen, og oppfylle kravet til ikkje-diskriminering, har også land som tradisjonelt har drive fiske ved Svalbard fått lov til å halde fram. Protestane som kom frå Russland og fleire EU-land var prinsipielle, men sterke nok til at Noreg altfor lenge dreiv jurisdiksjon med silkehanskar. Då dei vart tekne av for cirka 15 år sidan vart både arrestasjonar og strenge straffer stort sett godtekne utan diplomatiske etterspel.
Men vi hadde ingen garantiar for at dette ville vare. EU likar ikkje sterke kyststatar som tek havretten på alvor og samarbeider om forvaltning av ressursane. Sterke krefter i unionen vil flytte denne makta til større internasjonale organ, som i Antarktis. Men rundt Sydpolen bur det ikkje folk, kystfolk som skal leve og arbeide opp mot ishavet vi gjer i Arktis. Her har vi også USA som ei anna stormakt, som i motsetning til resten av Arktis Råd aldri har ratifisert FNs havrettstraktat. Kor problematisk det er veit vi eigentleg ikkje. Men i Noreg er vi høflege og masar ikkje om slikt.
No provoserer EU på nytt. Unionen har slett ikkje lagt om fiskeripolitikken. Det vi ser i vernesona minner sterkt om EUs rovfiske rundt Afrika. Der fekk korrupte regime milliardar i betaling for ressursane. Slik er ikkje Solberg-regjeringa. Dei gjekk til val i 2013 med ein lovnad om å samarbeid tettare med EU og skaffe oss politisk godvilje i Brussel. Ikkje alt gjekk like bra. Vi måtte ofre eksporten av fisk til Russland for ein ferdigskriven sanksjon til støtte for Ukraina.
No kan vi få ein eskalerande torskekrig i Svalbard-sona heilt på slutten av valgkampen. Her vil det vise seg om brevet frå norsk UD til Brussel er eit frempeik om at det også rundt Svalbard må gå ei fastare grense for alt. Men først må velgjarane avgjere om det trengs ei anna regjering for å slå tilbake eit sjølvhevdande kvoteran frå Brussel.