Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Med ein blåkopi av EU-sanksjonane mot den russiske anneksjonen av Krim, ofra regjeringa Solberg i 2014 vår største marknad for fisk. Eksporten på sju milliardar i 2013 gjekk det raskt mot null året etter. Som varsla reagerte Russland med ein handelsblokade. Det vart sluttstrek for 25 års vekst i ein moderne versjon av pomorhandelen.
Normalt ville ei så kritisk utvikling for fiskeeksporten blitt ei stor politisk sak. Næringa meinte Russlands-salget ville fordoblast på få år. Eit slikt tap, som også knuste draumen om ein stor nærmarknad for fisk frå Finnmark, vart ikkje problematisert. Regjeringa let EU overta norsk utanriks- og handelspolitikk over natta. Det heile skjedde brått, utan spørsmål og debatt, og med minimal forankring i Stortinget.
Noreg og Russland/Sovjet hadde ein lang tradisjon for å forhandle, også i kritiske tider. På midten av 1950-talet la dei to landa grunnlag for eit samarbeid som skapte innslag av mildvær i den kalde krigen, og dempa aggresjonen langs grensa i nord. Fram til sommaren 2014 låg den diplomatiske løypa mellom Oslo og Moskva framleis godt opptrakka etter vellukka forhandlingar om den nye havgrensa som kom på kartet frå 2011. Løypa var også velbrukt frå sovjettida og den kalde krigen, men no måtte norsk kritikk mot naboen i aust gå omvegen via Brussel. Ved å stille seg bak EU vart det varsla ein ny motvilje mot å snakka direkte med Russland.
I 2008 starta Noreg og Kina forhandlingar om ein frihandelsavtale der fisk, og særleg laks, stod sentralt. Men døra til Kina gjekk i vranglås då den kinesiske fridomskjemparen Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010. Kinesarane var rasande. Eksporten gjekk i stå. Noreg vart støytt ut i kulden fram til 2016 då regjeringa kraup til korset med ein forsoningsavtale om ikkje å kritisere Kina i eikvar sak som var viktig for landet. Demokrati, ytringsfridom og etnisk likeverd vart tabu å ta opp. Særleg for Frp, som når det høver omtalar den norske venstresida som «kommunistar», måtte det kjennast underleg å logre for verdas sterkaste kommunistparti.
Frihandelsavtalen med Kina er framleis eit viktig mål for Noreg. Etter fem års forhandlingar kan det tyde på at ei avklaring ikkje er så langt unna, samstundes som enkelte vanskelege tema står att. AvtaleN kan opne for ein årleg norsk eksport på opptil 160 milliardar. Medan Noreg har forhandla, har tonen mellom EU og Kina blitt skarpare. Nyleg avgjorde EU-parlamentet at ein gigantisk investeringsavtale med Kina må leggjast vekk.
Som ein leiande global fiskeeksportør står Noreg i dag med sviktande fotfeste i ein forunderleg «laksespagat» mellom EU, Kina og Russland, takka vere sanksjonar og blokade. At laksenæringa likevel greier seg rimeleg bra skuldast høge laksepriser. Russland har heva blokaden for kjøp av oppdrettsteknologi og lakserogn frå Noreg og byggjer opp ein nasjonal produksjon. Førebels ikkje større enn 20-30.000 tonn, men aukande. Også sjølforsyninga av matvarer som før vart importert frå EU er blitt styrka. Frå EU-land som Tyskland, Italia, Finland og Hellas er sanksjonane blitt kritisert både for manglande effekt og høg pris.
Samstundes pustar Europa letta ut når sanksjonar ein sjeldan gong blir oppheva, slik det skjedde i samband med årsmøtet i Arktisk Råd nyleg. Her fjerna USA sanksjonane mot det tyske selskapet som skal byggje gassledningen Nordstream 2 mellom Russland og Tyskland; eit prosjekt som er viktig for økonomisk samarbeid på tvers av den nye kaldkrigs-fronten i Europa.
Etter mange år med kraftig sentralisering av arbeidsplassar, kapital og ein milliardflaum til rentesubsidiert byggjefest i stor-Oslo er kløfta mellom dei største byane og utkantane i landet vårt blitt djupare. I debatten om dette er ulike tiltak og støtteordningar blitt kasteballar mellom dei politiske partia. Ei anna løysing som derimot ikkje blir diskutert er å sleppe handelen med Russland fri, slik det vart gjort på slutten av 1980-talet, bruke vår fulle rett til å oppheve sanksjonane og håpe på at både russarar og andre ser nye sjansar for eit fornya økonomisk samarbeid
Gjennom over 200 år med pomorhandel veit vi at vårt nordlegaste fylke, relativt sett, aldri har greidd seg betre økonomisk enn med opne handelvegar til Arkhangelsk. At handelen vart stoppa tidleg på 1920 var eit stort tilbakeslag. Det tok likevel ikkje lang tid å opne rutene på nytt då sovjetstaten rakna på slutten av 1980-talet. Russisk trålfiske gav fiskeindustrien i Finnmark cirka ti års forlenga levetid og handelen rundt dette nye fisket blomstra opp, først og fremst til glede for verftsindustrien. Problemfritt var det likevel ikkje. Vi måtte leve med overfiske, prisdumping og ein svartmarknad for fiskekvoter der den norske trålarflåten fekk snike seg unna leveringsplikta. Det meste av dette skjedde på Arbeidarpartiet si vakt, men det var også i denne 25-årsbolken at samarbeidet med Russland blomstra opp som aldri før.
I den siste nordområdemeldinga (Meld.St.9 – 2020/2021) står det så godt som ingenting om kor viktig handelen med Russland har vore, også heilt opp til våre dagar. Om dette er eit nyliberalt forsøk på historisk revisjon, skal være usagt. Plumpt og påfallande er det uansett.
No er det EU, ikkje Russland, som fiskar ulovleg i Svalbardsona. Hadde det vore omvendt hadde alle mediekanalar vore fulle av krigsretorikk. Vi veit enno ikkje om dette er eit vanleg rovfiske, slik EU-flåten har prøvd seg på før, eller første provokasjon i eit større politisk spel om å knuse norsk suverenitet i vernesona. Reknar EU med at Noreg godtek den siste utviklinga like lett som vi godtok sanksjonane?
Svaret som kan kome i løpet av sommaren, blir også eit svar på vegne av Russland som vi eig og forvaltar torsken saman med. Då dette samarbeidet starta på 1970-talet var partia på høgresida sterkt kritiske til at Jens Evensen og Eivind Bolle gav etter for russiske krav. I dag er tonen ein annan, men no er det Erna Solberg som sit med ansvaret for at det norsk/russiske kyststatregimet overlever press frå EU. Unionen som ho gjerne vil bli ein del av er blitt den store Bøygen. Kven må gå utanom?