Etter striden om Alta-Kautokeino-vassdraget har mange lært.


Samane har gjort erfaringar dei ikkje hadde før sveltestreiken i Oslo frå 8. oktober 1979. Politiet har lært at det er mogleg å gå varsamt fram, utan å invadere eit lokalsamfunn, slik dei gjorde med ein tropp på 600 mann i Alta 14. januar 1981.

Denne gongen har Høgsterett gitt klar beskjed, 500 dagar før aksjonen i Oslo og fleire tiår etter at Stortinget vedtok samelova og oppretta Sametinget.

Fosen er ei anna historie, for det er berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet som ikkje har lært. Menneskerettar generelt og vilkår og rettar for urfolk spesielt blir diskuterte internasjonalt på ein heilt annan måte og med mykje større presisjon enn før Alta-konflikten.

Den gongen hadde ikkje regjeringa Nordli sytt for å utgreie om utbygginga truga samiske kulturminne.

Denne gongen hadde ikkje regjeringa Stoltenberg utgreidd godt nok konsekvensane for reindrift då Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen gav konsesjon i 2010, og likevel avviste Olje- og energidepartementet ein anke frå samiske miljø tre år seinare.

Denne utgreiinga gjekk de i gang med lenge etter at 151 vindturbinar var på plass, ikkje av di Stortinget ville det, men av di Høgsterett med ein samrøystes gjorde tvang dei til det.

Fosen er ei anna historie av di altfor mange ikkje hadde gjort den jobben dei var sette til i sine kritiske samfunnsfunksjonar.

I 1979 brukte regjeringa Brundtland fem yrkedagar på å skaffe seg ein tenkjepause som ikkje løyste konflikten, men som la grunnlaget for samelov og sameting. I 2023 hadde regjeringa Støre brukt fem hundre dagar – utan å måtte svare på to enkle spørsmål:

Kor dårleg er det mogleg å gjennomføre ei konsekvensutgreiing før konsesjon blir gitt?

Og kor sakte er det mogleg å arbeide med same saka i same departementet etter ein høgsterettsdom?

I staden heldt dette landet held seg med ein statsråd som 27. februar 2023 hadde nok med å vere ein debattredaktør som gledde seg over at demonstrantar fekk seie kva dei meiner.

Betongdemningen i Finnmark er minnesmerket over ein siger som den norske staten tapte, og eit nederlag som samane vann.

Vindturbinane på Fosen er alt blitt eit minnesmerke over ein etnisk konflikt som staten drog eit urfolk inn i, utan å kjenne utvegen ned frå fjellet.

Legg ND på din hjemskjerm

Nordnorsk debatt (ND) setter dagsorden og følger løpende debatt i viktige saker. Vi presenter også skråblikk på begivenhetene, gode historier og refleksjoner fra bidragsytere over hele landet.

Daglig publiserer vi gjennomsnittlig rundt 10 nye innlegg, like gjerne fra kvinnen og mannen i gata som fra politikeren eller professoren på universitetet.

Bare noen få av innleggene blir presentert på forsiden av nordlys.no. Legg Nordnorsk debatt på din hjemskjerm og få kjapp tilgang til hele menyen av kronikker, kommentarer, lederartikler i Nordlys og innlegg fra leserne.

Di kan også følge oss på Facebook, i selskap med 67.000 brukere.

Har du sjøl noe på hjertet, kan du sende e-post til [email protected] - eller skrive innlegget her.

Send gjerne bilder av deg sjøl og det saken handler om.

Hilsen ND-redaksjonen