Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Stortingets presidentskap vil kalle inn til ekstraordinært møte om strømpriskrisa i midten av september. Regjeringa har jobba for å hindre dette, ved i forrige veke å love ein handlingsplan. Men da denne planen blei lagd på bordet, viste den seg å innehalde lite eller inkje nytt: Bodskapen frå regjeringa er stadig “å følge nøye med” - utan konkrete grep som kan avhjelpe ein akutt krisesituasjon, særleg for bedrifter sør for Trøndelag.
Det er lett å sjå at regjeringa slit: Den tviheld på ikkje å røre ved strømprisen, men vil at markedet skal styre. Den forrige energiministeren prøvde å få folk til å forstå dette, men lukkast ikkje. Ho blei skifta ut. Også noverande energiminister Aasland følger lojalt opp den markedstenkinga som Støre står for, men med stadig mindre entusiasme.
I motsetning til regjeringa ser folk flest på strøm som ein nødvendighet på linje med reint vatn og offentlege velferdstenester, ikkje som ei vare som skal seljast til høgstbydande. Dei ser også på kraftmagasina som sikring mot kriser og tørrår, mens regjeringa har godtatt nedtapping for å oppnå kortsiktig forteneste. Regjeringa ser på kablane til England og Tyskland som teknisk balansering og utveksling av strøm, mens folk ser dei som eksportkablar som importerer europeisk prisnivå inn til (sør)Norge. Regjeringa ser manglande kapasitet på kablar nord-sør som eit problem, mens folk ser at denne “mangelen” skjermar ein del av Norge frå det “pris-helvetet” som rår på Sørvestlandet.
Regjeringa vil satse på hjelpetiltak for dei som blir ramma av skyhøge prisar, men folk ser at den er handlingslamma når det gjeld strømstøtte til næringslivet. Regjeringa held fast på å elektrifisere sokkelen, men mange forstår at dette har null klimaeffekt og berre vil drive prisane ytterlegare opp. Lista over tema i strømprisdebatten er lang, og etter mitt syn har regjeringa gått tapande ut av debatten på alle vesentlege punkt.
Regjeringa har sikkert bedt “First House” og andre kommunikasjonsbyrå om hjelp til å formulere seg betre. Vi veit jo ingen ting om dette, men det var jo påfallande her i sommar at folk blei bedne om å tenke meir på krigen i Ukraina, og mindre på den høge strømprisen. Vi blei også oppmoda om å vise europeisk solidaritet, særleg med England og Tyskland, men dette land der styresmaktene har feila totalt i sin eigen energiberedskap.
Rett før regjeringa pådrog seg eit ekstraordinært stortingsmøte var tonen at markedet (eksportkablane) er komne for å bli – det er den vegen det går. Ja, Norge er ein del av ei (kapitalistisk) verdsordning, satt i system gjennom ACER og EØS. Men dette er sjølpåført. Eit fleirtal i Stortinget har gitt styringsretten over norsk energi til kraftselskapa og til EU. Resultatet ser vi no.
Finst det raske og effektive mottiltak? Ja:
- Reforhandling/oppseiing av avtalar som har svekka norsk kontroll over energipolitikken. Norge har så langt forhandla fram avtalar ut frå internasjonal godheit, ikkje ut frå ivaretaking av breie norske interesser. Mottakarsida (EU, England) er desperat på å få tilført energi, og vil derfor ikkje straffe Norge ved å la vere å ta imot norsk strøm, olje eller gass, om Norge krev endring i avtalane.
- Eit spare-og maksprisordning som gir alle familiar rimeleg strøm (fx 35 øre) innafor behovet til ein norsk gjennomsnittsbolig (15. - 20.000 kwt I året). Forbruk utover dette (og strøm til hytta) blir belasta med markedspris. (3) Ei tilsvarande, sparestimulerande ordning for næringslivet, offentleg og frivillig sektor blir nok meir komplisert, men bør vere gjennomførbar.
Presidentskapet sitt vedtak om ekstraordinært stortingsmøte sat langt inne, og kan reknast som ein 1-0-siger for den store majoriteten av folk og bedrifter. Kva sluttresultatet blir, gjenstår å sjå.