Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg har tenkt på dette innlegget i fleire veker, men har ikkje funne krefter – eller kanskje mot – til å faktisk skrive ned historia mi og tankane rundt denne trusselen om flytting av Åsgård. I eit intervju i avisa iTromsø hausten 2021, i samband med ein novellekonkurranse, uttrykte eg at dei som sit med makta til å fatte vedtak om den såkalla samlokaliseringa i Breivika «enten må ha røyka noko, eller aldri har vore på ein mørk plass».
Eg var innlagt på Åsgård i tre månadar hausten 2021. Grunnen til at eg hamna der, var det eg kallar «skade påført av andre». Informasjonen eg fekk 28. mars 2015, snudde opp ned på livet. Motet til å skrive dette no, har eg frå dottera mi, som på denne datoen fortalte at ho vart utsett for overgrep i seks år, frå ho var fem år gammal. Motet ser eg i den lange og seige kampen ho har gjort for å fjerne foreldingsfristen i overgrepssaker mot barn (vedteke i Stortinget 7. juni 2021). Og motet ser eg i arbeidet ho og andre unge utsette gjer, for å få dette usynlege og livstruande samfunnsproblemet, som overgrep er, ut i lyset.
La det vere sagt: Eg veit ingenting om dei andre pasientane som var på Åsgård. Men at mange av pasientane hadde djupe traumer som resultat av «skade påført av andre» i ei eller anna form, er det lite tvil om.
Og det gjer meg forbanna. Forbanna fordi menneske må bruke år av livet sitt for å reparere psykiske skadar, og fordi dei same menneska ikkje skal få verdige behandlingsvilkår. Optimale vilkår finst på Åsgård. Dei finst ikkje i Breivika. Ver menneskelege. Ver dyktige fagfolk. Ikkje ta ifrå oss det som kan gje oss eit liv verdt å leve. Tru meg, de vil ikkje finne på å sende ein nyoperert pasient over eit vaskebrett. Å plassere psykisk sjuke menneske i eit stressande og støyande miljø, utan lett tilgang på friluft, vil vere å sende oss over eit vedvarande vaskebrett.
Tilstanden min på det tidspunktet eg vart innlagt deler eg med mange som er komne så langt i sjukdomsforløpet at innlegging er siste utveg om ein skal leve vidare. Utmatta, nervøs, i alarmberedskap, deprimert, søvnmangel, oppkava, fortvila, isolert, folkesky, i konstant kjensle av livsfare, ein kropp metta med sorg og sinne. Tankekøyr utan stans. Lista kunne ha vore lengre. Det er ikkje eit «vaskebrett» vi treng i ein slik situasjon.
Så til de som styrer og har makt over utfallet i denne saka: Gjer det rette. Åsgård gjev sårt tiltengt ro og kvile. Søvn. Tryggleik. Omsorg frå naturen utanfor. Eg kvilte blikket mot skogen frå senga. Eg tusla i fjæra og høyrde på bølgjene like i nærleiken. Eg hadde kontroll på lyd. På hardt, vrimlande lys. På bråe rørsler og hendingar. Terskelen for å gå ut var likevel stor. Ein dagleg kamp. Etter kvart vart det lettare – til og med noko som kunne minne om glede. Eg bevega meg aldri inn i Tromsømarka. Var redd for å møte folk – både framande og kjente. For då måtte maska på. Framstå som normal, med det enegisluket det innebar. Systemet mitt tolte det ikkje, og skulle heller ikkje tole det på det tidspunktet. Eg veit at tilfriskninga mi ikkje hadde vore mogleg utan hjelp frå den stille og rause naturen rundt Åsgård. Både når eg var inne, og når eg var ute.
Eg er byplanleggar. I over trettifem år har eg vore i faget. Ei sentral fagleg problemstilling i arealplanlegging er kva type areal og lokalisering eignar seg for ulike formål. I planane om flytting av psykisk sjuke pasientar frå UNN Åsgård til UNN Breivika synest det som om ein har snudd ryggen til denne problemstillinga .
Eg er også pasient. Og eg kjenner ikkje skam. Ingen skal måtte kjenne på skam på grunn av sjukdom. Når det indre livet blir utsett for skade, treng ein adekvat hjelp. Vi veit, eller seier at vi veit, at det står dårleg til i norsk psykisk helsehjelp. Sjølv måtte eg vente i seks år. Andre ventar lenger, kanskje heile livet – og prøver så godt dei kan å få dagane til å henge i hop. Det er ikkje ein fot som er knekt, det er ikkje hjarteinfarkt, det er ikkje tarmslyng, det er ikkje ei knust skulder. Det er det indre livet som er blitt borte og erstatta med mørke. Borte er kjenslene som gjer oss til heile og livlege menneske, som gjer oss tillitsfulle og trygge og fulle av livsmot.
La oss i det minste få ha rammene som Åsgård gjev oss. Det grøne og det kvite. Den høge himmelen. Utan å måtte forholde oss til mylder og ståk. Det er hardt arbeid å kome tilbake til livet. Det arbeidet må vi gjere sjølve – saman med dei dyktige fagfolka på Åsgård. Gje også dei tilsette dei beste vilkåra for å hjelpe oss ut av mørket.
Det er ikkje ei skam å vere psykiatrisk pasient. Det som vil vere ei skam, er om flytting av Åsgård til Breivika skulle bli ein realitet. Dei som eventuelt fattar eit slikt vedtak, vil vise fram manglande kompetanse og kunnskap om denne pasientgruppa. Alt anna enn å oppretthalde Åsgård vil vere eit hån mot menneske som kjempar for å overleve. Vi treng adekvate tilfriskingsvilkår – ikkje «vaskebrett».