Gå til sidens hovedinnhold

Fly mindre – jobbe meir?

Er det ein fordel for oss sjøl, folk i andre land og miljøet at vi flyr inn arbeidskraft til Norge for å få gjort jobbane i byggesektoren, i sesongarbeid i fiske og jordbruk, i industrien, reinhald og transport?

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

På kort sikt er svaret ja: Vi hever inntektene for folk frå fattigare land, vi får jobbane gjort, og det blir etablert eit flybasert reisesystem som gir nordmenn avkopling og varme i Syden, og opplevingar I Europas storbyar.

Med utvidinga av EØS-avtalen I 2003 blei mange av oss avlasta frå å måtte utføre tunge jobbar, polakkar og litauarar kom oss “til unnsetning”. Og den omfattande arbeidspendlinga var det som gav grunnlag for billige feriereiser med fly. Ikkje rart at mange er nøgde med EØS – og med ei globalisering som gir oss superbillige forbruksvarer frå industrien i Kina.

Men dette for oss så behagelege systemet begynte å knake i samanføyingane. Det skulle ikkje meire enn ei skolestreikande småjente i Sverige til før “alle” måtte gjere noko med anna enn berre å snakke om klimaforverringane. “I want you to panick”, sa Gretha Thunberg, og vi trudde først ho tok vel hardt i. Men ungdomar over heile verda laga klimabrøl I 2019; noko var på gang.

Så kom faktisk panikken. Den kom som respons på viruset som kom med fly frå Kina, via Alpeturistar (nordmenn som på vinteren finn det naturleg å reise med fly for å stå på ski) til Norge, og frå mars 2020 stengde store delar av samfunnet ned.

Den siste spikaren i systemet si kiste kom då Black Lives Matter-opprøret sette dagsorden sommaren 2020. Politibrutaliteten – og her heime: Thomas Selzer si TV-framvising av livet i skuggane av rikdomen i USA – viste oss at eit betydeleg mindretal i den vestlege verda lever i varig fattigdom og fornedring, utan anstendige jobbar og eit offentleg helsetilbod.

Så er vi i 2021, snart ferdigvaksinert, sugen på Syden, men lite frista til å feriere og kople av der smitten forstsatt utgjer ein stor risiko. For kvar månad som går, blir fleire og fleire klar over at det vi har sett dei siste par åra, er teikn på ein grandios systemsvikt. Vi skuldar på dei store konserna, men må ta inn over oss at det “vi” som har skapt dei. Amazon og Wizzair (for å nemne eitpar) er båre oppe av vår higen etter “det billige” og “det artige”. Og vi har fått eit rikt tilbod av meir interessante jobbar og inntekter i storbyen, langt unna industrien, jordbruket og sjømatnæringa, og med byggesektoren sine utlandske arbeidarar innkvartert og isolert i brakkeriggar.

Ei systemendring kan vere på gang, men den sit langt inne. Minnene frå 20 års farting verda rundt (Old Trafford, verdskongressar, Thailand, New York maraton osv.) veg fortsatt tyngre “i hugen” enn månader med permittering, nedstenging, heimekontor og turar i nærområdet. “Mor, jeg vil tilbake!” syng Jan Eggum. Treffande for stemninga no. Men vi bør nok heller snu og sjå framover: Fly mindre, jobbe meir.

Det første trur eg at vi faktisk fiksar. Vissheita om virus-transport på og via fly (det kjem fleire etter Korona-viruset!) og Teams/Zoom i arbeidslivet vil dempe utsleppa frå flysektoren, heldigvis. Så får vi sjå med milde auge på AVINOR si utviding av flyplassar – som eit av mange sysselsettingstiltak i ei vanskeleg tid.

Verre, langt verre, vil det vere å organisere norsk arbeidsliv, og ikkje minst utdanningssystemet, slik at vi får dekt opp ALLE arbeidsområde med norsk arbeidskraft. Sjølsagt skal vi fortsatt sleppe utlendingar til, men det er vårt fordømte ansvar (unnskyld banninga) å sørge for tilgang til norsk arbeidskraft i alle bransjar.

Noko av arbeidet må vi ta på skift (elev/studentjobbing, tilrettelegging for sesongarbeid, samfunnsteneste i staden for verneplikt), men først og fremst bør vi kutte preiket om «karriere» og gjeninnføre «yrke» som det naturlege målet for ungdom som søker mot framtidas arbeidsliv. Mange vil nok meine at dette er gamaldags, men det ER faktisk ein del yrker som må utførast utan personale med mastergrad, og dei som utfører dei, må oppleve respekt og anerkjenning.

  • Nils Aarsætherer er dr.philos., statsviter/sosiolog og tidligere professor i samfunnsplanlegging og kulturforståelse ved Institutt for samfunnsvitenskap, Universitetet i Tromsø. Fra 2018 er han seniorforsker ved Norut i Tromsø.

Kommentarer til denne saken