Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kjøp og sal av fiskekvotar i vår tid er eit grelt døme på korleis kapitalen meir og meir tek styringa i vårt samfunn og svekker vårt demokrati.
Ein trålreiar starta med å selja ei fiskekvote han hadde til låns av fellesskapets ressursar. Han selde med andre ord det han ikkje åtte. Noko alle veit me ikkje har lov til. Men han gjorde det med godkjenning frå fiskeri-myndighetene. Han stod med andre ord ikkje åleine. Denne transaksjonen medførte dessutan at fiskarane fekk frie hender til å kjøpa opp og samla seg så mykje kvotar dei ville.
Myndighetene har - om eg har forstått det rett - på sett og vis delegert si myndighet til den frie marknaden. Kjøp og sal av fiskekvotar er framleis ulovleg, men pågår for fullt som om det skulle vera lovleg. Dette har resultert i at den store havgåande fiskeflåten i dag disponerar halvparten av den norske fisken.
I kjølvatnet av dette, spesielt i nord, er massevis av fiskemottak nedlagde, og mange fiskevær langt på veg avfolka. Loppa kommune hadde til dømes tidleg på 60-talet 2.400 innbyggjarar. I dag er det berre vel 700 tilbake. Det finst mange slike døme..
Innføring av trålfiske i 1951, blei gjort fordi regjeringa trudde dette var løysinga for å skaffa råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Staten satsa tungt på dette, og betalte nærast både bruk og båt for dei som ville starta med trålfiske. Sjarkflåten fekk derimot inga støtte.
Havbotnen er verdens største karbonlager. Trålfiske har heilt frå starten vore vurdert som eit rovfiske. Når dei digre tråldørene pløyer botnen, blir det frigitt enorme mengder CO2.
Det er nemleg uungåeleg å dra ein trål over botnen utan å øydeleggja koralreva («husa til fisken»). Det er mellom desse koralla fisken har sitt natulrlege leveområde. Det kan ta minst hundre år å byggja opp att desse reva.
I 2008 kom rapporten «In Dead Water» frå FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environmental Programme). Rapporten beskriver bunntrålfiske som den mest destruktive fiskemetode som finnes og den største trussel mot det biologiske mangfoldet i havet. Rapporten anbefaler overfor FNs generalforsamling et globalt forbud mot tråling.»
For knapt to år siden, i mars 2021, kom ein ny oppsiktsvekkjande studie, publisert i «Nature». 26 forskarar frå mange land (marinebiologar, klimaforskarar og økonomar) står bak studien. Dei har rekna ut at utsleppa av CO2 frå botntråling rundt om i verden, er like høge som utsleppa frå heile verdens flytrafikk. Havbotnen er verdens største karbonlager. Når dei digre tråldørene pløyer botnen, blir det frigitt enorme mengder CO2. I studien blir Norge rekna som nr 8 av utslipps-verstingane i heile verda.
Nemnast må også at:
- Trålfisket er den desidert dyraste fiskemåten som finst.
- Trålaren brukar fleire gonger så mykje diesel pr kilo fanga fisk som det sjarken brukar.
- Trålen øydelegg reva på botnen (husa til fisken).
- Trålen drep masse yngel og småfisk.
- Trålaren fiskar i barnehagen, oppvekstområdet til fisken. Derfor er den fisken trålaren får i gjennomsnitt berre vel halvparten så stor som den sjarkane tek under kysten då fiskenkjem inn for gyting.
- Trålaren må ha ca. 5 gonger så mykje fisk pr arbeidsplass som det sjarken treng.
- Sjarkfåten leverar i gjennomsnitt fisk av betre kvalitet enn trålaren.
- Trålfiske var berre tenkt som eit supplement til anna fiske, men blei ein gaukunge som overkøyrde norsk lov.
- Trålflåten har knappast bruk for kysten vår. Fisken blir nemleg frosen og sendt direkte til foredling i utlandet.
- Det er forunderleg at ei næring som til dei grader har overkøyrd norske fiskerilover og anna lovverk, skal få tura fram som om dei eig den norske fisken.
- Trålflåten nyt godt av sterkt subsidiert diesel. Så her kunne staten spart store pengar.
- Om me hadde drive eit meir miljøvennleg fiske med passive fiskereiskap, så kunne me teke på land 6 gonger så mykje fisk som me gjer i dag. Kva kunne ikkje det ha betydd i ei svolta verd?
Kva kunne det ikkje betydd for Norge som fiskerinasjon og for verdas CO2-utslepp om me hadde trappa ned og avvikla trålfiske og i staden satsa på eit kystnært sjarkfiske med passive fiskereiskap? Me må spela på lag med naturen og forvalta jord og fjord på ein miljømessig god måte. Først då vil me få maksimalt utbytte av våre satsingar, vårt arbeid. Ein ny giv til kysten vil igjen kunna gi levande samfunn med tusenvis av nye arbeidsplasser på sjø og land.
Nå gjeld det å slå eit slag for havets fiskeressursar som er komne på avvegar. Nå må våre myndigheter vakna og leggja handa på rattet. Det blir stadig fleire munnar å metta i verda.
I dag er også vår langstrakte kyst pepra med oppdrettsanlegg i kysttorskens gyteområde.
Me må gjenreisa kysten! Fisken må tilbake til folket! Kjøp og sal av fiskekvotar må avviklast. Deltakarloven må respekterast. Sjarken må bli vårt nye flaggskip.