Gå til sidens hovedinnhold

Feilretta kritikk av Nordlys

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg er veldig glad for at vi kjem til å vedta å halde fram drifta av ei avdeling på Kvaløysletta sjukeheim og at vi skal opne 60 plassar i Kroken.

Bakgrunnen for vidareføringa av drifta på Kvaløysletta og opning av Kroken er ei utgreiing om heildøgns omsorg som var bestilt av Helse- og velferdsutvalet, og vi kan no vedta ein god plan for helse og omsorg for dei neste ti åra. Det at vi er komen dit skal Helse og velferdsutvalet i kommunen som er leia av Gunhild Johansen er leiar for ha ein del av æra for. Dei har pressa på for å få dette på plass.

Prosessen omkring Kvaløysletta sjukeheim har ikkje vore god. Men eg er forundra over at leiarskribenten i nordlys vel å rette skytset mot SV og Gunhild Johansen i denne saka.

SV (saman med Frp og MdG) ønska å behandle ei sak frå Helse og velferdsutvalet i kommunestyret i si fulle breidde i kommunestyret. Fleirtalet i formannskapet sa nei til at kommunestyret skulle behandle den saka. Dei overlot altså dette til administrasjonen. Kanskje kunne ei skikkeleg handsaming i kommunestyret vore med på å unngå den situasjonen vi har vore i.

Det er fleire ting som ver viktig no. Vi skal opne fleire institusjonsplassar i kommunen, men vi må framleis klare å halde fokuset på det som vil avgjere om kommunen skal klare å gje eit godt helsetilbod framover. Det er to ting som er heilt sentrale:

1. Vi må få fleire omsorgsbustader

2. Vi må bli betre rehabilitering slik at fleire kan bu heime og ikkje treng institusjonsplassar.

Eg er veldig glad for at Gunhild Johansen framleis skal leie dette arbeidet i Helse og velferdsutvalet. Det gjer at eg er tygg på at fokus og strategi i kommunen framover vil vere på rett plass.

Kommentarer til denne saken