Gå til sidens hovedinnhold

Fagerengfjæra – eit verdifullt grøntområde

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I dag er Fagerengfjæra ein grøn flekk med naturleg fjøre mellom sundet og Kvaløyvegen. Området verkar lite bearbeidd eller tilrettelagt. Men det er ikkje det same som at området ikkje er verdifullt slik det er no. Og det betyr verkeleg ikkje at det største potensialet for området er å sleppe entreprenørane til med gravemaskinar og betong.

Både klima- og miljøkrisa me stend i syner oss at me er nøydd til å vera gjerrige på grøntområda våre. Me må slutte å tenke at det som ser ut som eit tomt og unytta område, til dømes ei gamal slåttemark på Fagereng, har større samfunnsnytte som bustadområde. For å skapa ei berekraftig framtid å me greie å balansere kor mykje me bygger ut og kor mykje me forvaltar som grøne område.

Den gamle slåttemarka på Fagereng er eit kjærkoment område for lågterskel nærfrliluftsliv, det har ein kulturhistorisk verdi, og det har ein verdi for miljøet – planter og dyr – i området.

Området er i dag regulert som landbruksområde. Eg ser ingen grunn til at me skal regulere det til noko anna.

Det er heller ikkje slik at me er avhengige av å bygge i dette området. Det er framleis mykje område i kommunen som er regulert til å bygge bustadar. I utbyggingsprogrammet til kommunen reknar ein at bustadreserven er på 23 000 bustadar. Så er det av ulike årsakar slik at utbygging på alle desse plassane nok ligg eit godt stykkje fram i tid. Men fram til 2032 held det å bygge 7000 nye bustadar, om ein legg til grunn prognosar frå 2019. I snitt har det vorte sett i gong 765 nye bustadar i året i perioden 2017-2020 (SSB-tal) og om lag 735 bustadar har vorte ferdige per år i same periode. Om utviklinga held fram i same tempo ligg me altså godt an til å nå 7000 innan 2032.

Eg meiner at me ikkje treng bustadar i Fagerengfjæra, me treng eit grønt, og kanskje litt rotete utsjåande, område der både store og små skapningar kan trivast.

Kommentarer til denne saken