Dei siste tiåra har det vore vanleg blant samfunnsøkonomar å legge til grunn at EU sitt kvotehandelssystem EU-ETS gjev opphav til ein såkalla «vannsengeffekt». Grunnen er at det er eit fast tak på kor mange kvoter som totalt vil verte seld i ein kvotehandelsperiode. Ein skulle kanskje tru at klimatiltak som nyutbygd vindkraft eller ENØK ville redusere behovet for fossil straumproduksjon. Men nei. Det skjer ikkje, sidan EU i så fall berre vil redusere kvoteprisen inntil dei får seld alle kvotane sine. EU-ETS er dermed ikkje additiv med andre klimatiltak i kvotepliktig sektor. Dette vert analogt med ein kraftig vinylpose med vann - vannsengmadrassen. Innhaldet er konstant, så pressar ein ned på ein stad så må det stige ein annan stad.

Vannsengeffekten gjev mange spesielle konsekvensar. Sidan «innanriksfly» i EU har kvoteplikt så vert flyreiser i praksis «utsleppsfrie», fordi flyselskapa må kjøpe kvoter andre så ikkje kan bruke. Vegtransport har derimot ikkje kvoteplikt. Ein vil difor redusere klimagassutsleppa ved å få trafikken over frå bil til fly!

Ein annan merkeleg effekt er at energiøkonomisering aukar utsleppa, i følje Nature-artikkelen «Energy efficiency promotion backfires under cap-and-trade» til Jarke-Neuert og Perino1. Grunnen er at mindre straumbruk gjer at straumrekninga krympar, samtidig som vannsengeffekten held utsleppa konstant. Pengane som er spart vil verte brukt på andre ting, og ein del vil garantert verte nytta utanfor kvotepliktig sektor. Summen altså verte utsleppsauke.

At «det grøne skiftet» skulle gje som resultat at den norske bilparken vert dramatisk tyngre og flottare ville kanskje overraska mange. Men i følje Lasse Fridstrøm ved Transportøkonomisk Institutt betyr vannsengeffekten at elbilar produsert og brukt i EØS-området «er å regne for helt utslippsfrie»2. Zero er einige når det gjeld elbilar3, men ikkje vindmøller!

Vannsengeffekten er dermed svært viktig for effekten av klimatiltak, og er grunnen til at Klimakur 2030 berre omhandla kutt i kvotefri sektor. Kvotefri sektor er den halvdelen av utsleppa som underleg nok ikkje er inkludert i kvotesystemet, slik som straumproduksjon, vegtransport, avfallsforbrenning, landbruk og fossil oppvarming av bygg. Klimakur 2030 legg så opp til ein kraftig elektrifisering for å kutte utslepp, med basis i at bruk av straum i Europa er 100% utsleppsfritt.

Eit sannsynleg scenario i 2030 er dermed at me har kutta nasjonale utslepp ved å erstatte fossil energi med straum, ignorert billege ENØK-tiltak og latt være å bygge ut vindkraft. Mankoen på straum importerar me, utan å tenke på om dette gjer det vanskelegare for andre land å stenge kolkraftverk.

Men det er mange grunnar til at me bør kunne sjå vekk ifrå heile vannsenga. Den enklaste grunnen er at EU dei siste åra har innførd ein «Market Stability Reserve», MSR. Ved «overskot» av kvotar vert kvoter flytta inn i reserven, og vert det «underskot» sleppast kvoter ut igjen. Vert overskotet svært stort vil kvoter verte sletta. Poenget er å auke kvoteprisen, som har vore lågare enn ønska, utan å risikere at den vert drepande høg. Prisen har også gått opp, frå 8 €/tCO2 i 2018 til 44 €/tCO2 i dag.

Folk som har analysert regelverket finn at MSR gjer at vannsengeffekten i stor grad forsvinn. Klimatenketanken Sandbag konkluderte til dømes i 2016 med at etter innføringa av MSR vert vannsengeffekten berre 2 - 8%4,5 fordi kvotene «renn ut». Eit utsleppskutt på 1 tonn CO2vil altså gje eit reelt kutt på 920 - 980 kg.

Men dette er gamalt nytt for europeiske klimaaktivistar, som ikkje har trudd mykje på vannsengteorien uansett. EU-ETS har jo hatt eit konstant overskot av klimakvotar sidan det vart oppretta i 2005!

Dersom det er overskot så burde det ikkje gjere noko om overskotet vert enda større. Låg kvotepris betyr også at ein trengandre tiltak for å få utsleppa ned. Klimarørsla har dermed pressa på for klimatiltak også innanfor kvotepliktig sektor, slik som ENØK og fornybar energi.

Men ein kan også argumentere for at vannsengeffekten ikkje eksisterer. For reglane rundt kor mange kvoter som vil verte flytta inn og ut av reserven vil verte oppdatert med jamne mellomrom. Den første gjennomgangen vil finne stad sommaren 20216,7. EU har dermed skaffa seg ein sekk med ekstrakvoter som ein kan flytte inn og ut av marknaden som ein vil. Så lenge ein ikkje går tom for kvoter kan ein då få akkurat den kvoteprisen ein vil ha. Det interessante spørsmålet er dermed ikkje kva reglane er i dag, men kva som påverkar EU når dei skal oppdatere reglane i morgon.

Det verkar rimeleg å tru at beslutningstakarane i EU vert påverka av politisk press frå innbyggarane i EU. Når det gjeld klimatiltak så vil det være to motstridande interesser som gjer seg gjeldande: bekymring for klimaendringar, og bekymring for kva klimatiltaka vil koste. Klimaaktivistar vil ha utsleppstaket så lågt som mogeleg. Andre vil ha høgre kvotetak fordi dei er redde for at prisen på energiintensive varer som straum vil auke for mykje.

Dermed blir prosessen at ein estimerer straumprisen ved ulike kvotetak, og vel det lågaste kvotetaket der straumprisen ikkje vert «for høg». Det betyr at den politiske betalingsviljen for klimatiltak gjev ein akseptabel straumpris, som så gjev ein akseptabel kvotepris, som så gjev eit akseptabelt kvotetak. Dette er stikk motsett av kva vannsengteorien legg til grunn, der ein startar med eit «låst» kvotetak som resulterer i kvotepris og straumpris.

Effekten er at tiltak som reduserer straumforbruk og dermed straumpris vil gje EU større handlingsrom til å senke kvotetaket. 1 kWh meir straum tilgjengeleg som følgje av ENØK betyr at EU kan senke kvotetaket, slik at kvoteprisen aukar inntil straumprisen er «tilbake til start». Då vil 1 kWh mindre fossil straum verte produsert. (Straumprisen vert sett frå tilbod og etterspurnad. Går både tilbod og etterspurnad ned med 1 kWh må prisen vere uendra).

Sidan CO2-utsleppa frå kolkraftverk er 2-4 gonger høgre enn utsleppa frå gasskraft, så verkar det svært sannsynleg at det er kol som forsvinn ut om kvoteprisen aukar. Gevinsten ved å spare straum ligg i så fall i området 850 – 1 350 gCO2/kWh. ENØK vil difor kutte utslepp.

Ingen vannsengeffekt betyr også at EU-ETS er additivt med andre klimatiltak, slik som karbonavgifter. Dersom innbyggarane i Tyskland skulle ønske enda høgre karbonprising enn EU leverer, så er det neppe Tyskland som er bremsen når EU skal senke kvotetaket. Ekstra klimaavgifter i kvotepliktigsektor vert dermed effektive verkemiddel for ytterlegare utsleppskutt.

Vert alt dette vanskeleg å halde styr på? Den enklaste måten å forstå kva som skjer er å tenke på EU-ETS som ein slags ustabil karbonavgift. Ved ein karbonavgift set jo også politikarane utsleppsprisen så høgt som råd for å oppnå så låge utslepp som mogeleg utan at protestane vert for høge. EU-ETS er likevel ikkje noko bra karbonavgiftssystem. Alt ville ha vore enklare, billegare og betre dersom ein berre hadde sett kvoteprisen direkte. I tillegg bør systemet omfatte alle utslepp. Men sidan systemet fungerer som ei avgift så er det i alle fall fullt mogeleg for medlemsland å innføre ekstratiltak dersom ein ønsker det.

Referansar:

  1. Jarke-Neuert, J. & Perino, G. When power saving harms the climate. Sustainable Future Policy Lab https://sfplab.org/?p=884 (2020).
  2. Molnes, G. Nei, klimautslippene fra elbiler i Norge er ikke dobbelt så høye som fra «fossilbiler» ("No, Greenhouse gas emissions from EVs in Norway are not twice as high as from ‘fossil’ cars.). Faktisk helt feilhttps://www.faktisk.no/faktasjekker/yXA/nei-klimautslippene-fra-elbiler-i-norge-er-ikke-dobbelt-sa-hoye-som-fra-fossilbiler (2019).
  3. Holm, M. Faktisk helt feil om elbil | DN. Dagens Næringslivhttps://www.dn.no/innlegg/faktisk-helt-feil-om-elbil/2-1-509665 (2019).
  4. Sandbag. Puncturing the waterbed myth. https://ember-climate.org/project/puncturing-the-waterbed-myth/ (2016).
  5. Perino, G. New EU ETS Phase 4 rules temporarily puncture waterbed. Nature Climate Change 8, 262–264 (2018).
  6. Osorio, S., Tietjen, O., Pahle, M., Pietzcker, R. & Edenhofer, O. Reviewing the Market Stability Reserve in light of more ambitious EU ETS emission targets. https://www.econstor.eu/handle/10419/217240 (2020).
  7. Carbon Market Watch. Carbon Market Watch’s response to the public consultation on the EU Emissions Trading System (EU ETS) review. Carbon Market Watchhttps://carbonmarketwatch.org/publications/carbon-market-watchs-response-to-the-public-consultation-on-the-eu-emissions-trading-system-eu-ets-review/ (2021).
  8. Saksvikrønning, H. The Flexible Cap - EU’s ‘ETS Carbon Tax’. https://www.researchgate.net/publication/349970091_THE_FLEXIBLE_CAP_-_EU's_ETS_Carbon_Tax (2021) doi:10.13140/RG.2.2.17085.38888.