Gå til sidens hovedinnhold

Etter brexit – fisken står framleis igjen

Artikkelen er over 1 år gammel

Brexit-avtalen var i hamn og Boris Johnson vifta med det nye EU-kartet der britane har fått noko dei ikkje har hatt før: ei tydeleg 200 mils økonomisk sone. Såg vi ein ny Churchill eller ein tapar som Chamberlain?

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Neville Chamberlain var statsministeren som i 1938 kom heim til London med ein avtale som skulle sikre Europa «fred i vår tid». Som kjent gjekk ikkje det så bra. Men slik vi såg og høyrde Johnson, handla det mest om verdien av å ha makt over eigne havområde. Ikkje minst her til lands bør vi ha respekt for at andre også ser det slik. Like godt kjenner vi journalistane sitt refreng «berre fisken står igjen» som både i 1972 og 1994 var godt å ty til når ein ikkje forstod så mykje av det som skjedde i forhandlingane.

Eit mantra i EUs fiskeripolitikk er omgrepet «relativ stabilitet». Det tyder at ingen medlemsland skal miste den andelen av fangstar, rettar eller kvotar – opparbeidd gjennom historisk fiske – dei hadde då dei gjekk inn i unionen. Svingningar i fisket kunne det bli, men alle måtte ta sin del av dette. For nye medlemsland skulle dette vere ein slags garanti, som ikkje kunne halde det den lova. Til det var EU sine fiskerinasjonar alt for ulike på viktige område som flåtekapasitet, nasjonal subsidiering, ressurstilgang, tradisjon for å drive og tillate rovfiske – også i fjerne land, og mykje anna. Limet i EUs fiskeripolitikk vart stadig meir relativt og tilsvarande mindre stabilt.

Rakna gjorde det for alvor då to av Europas siste diktatur, Spania og Portugal vart EU-medlemmer i 1986. Særleg Spania hadde ein diger fjernfiskeflåte, men dårleg med ressursar i si eiga økonomiske sone. Ingen andre EU-land var villige til å dele fisk og havområde med dei to nykomarane. Då spanjolane oppdaga at dei ikkje fekk tilgang på torsk i EU-havet, gjekk mange trålarar til Svalbard og starta piratfiske der. Slik starta den første torskekrigen i fiskevernsona. Den vart løyst ved at Spania fekk lisensar frå EU til å fiske på tredjelandskvoten ved Svalbard, men med auka fiskepress og store kontrollproblem som resultat.

Opptrapping av fisket i Barentshavet var uansett ikkje nok til å sikre den nye «spanske armadaen» eit minimum av driftsgrunnlag. Løysinga dei ikkje fann i EUs fiskeripolitikk, låg open for dagen i den frie investeringsretten i Unionen. No handla det om oppkjøp av fiskebåtar i andre EU-land, men utan å skifte flagg eller nasjonalitet på fartøya. Då følgde retten til å fiske og kvotane med på kjøpet. Både i England og Irland var det nok av fiskebåtreiarar som ville ut av næringa, dessutan var det nasjonale lovverket svakt. Oppkjøpa fekk stort omfang, og skjedde så raskt og systematisk at det tok tid før britane oppdaga at her mista dei råstoff og marked til andre lands industri, og dermed også tusenvis av jobbar både på sjø og land. Og då reaksjonen først kom var den sterk. «Kvotehopping» vart eit nytt omgrep i fiskeripolitikken, og bråket i EU vart eit godt argument for nei-sida i den norske EU-kampen i 1994. Omkampane i EU kom i form av rettsaker der EU-domstolen hadde siste ordet. Løysinga vart eit kompromiss der utanlandske reiarar måtte gje noko tilbake til landet der dei hadde kjøpt kvoten, «ei reell økonomisk kobling» som det vart kalla. Her stod krav om landingar av råstoff og bruk av nasjonal arbeidskraft sentralt. Innanfor EU-retten sine tålegrenser for nasjonal regulering står dei framleis ved lag. Men etter 30 år har slike vilkår også lett for å forvitre, som leveringsplikta i norsk fiske også så tydeleg har gjort.

For fiskeriforhandlingane i brexit-prosessen vart spørsmålet om tilbakeføring av fisk til Storbritannia ei hovudsak. Men kvotehoppinga frå 1980-talet kan ikkje reverserast sjølv om mange britar er bitre over dette tapet. Storbritannia får aldri tilbake den råstoffmakta dei tok med seg inn i EU 1972 – ei makt som også var bygd på rovfiske utanfor Nord-Noreg. Det som skjer er at EU skal overføre 25 prosent av sin kvote til UK (Storbritannia) innan 2026.

I heile rest-EU er det sjølvsagt sterk misnøye med dette. Kvotetapet vil merkast, og no skular alle på kvarandre og lurer på kven som til slutt lyt tåle mest. For Boris Johnson er det også problematisk at dei store vinnarane på avtalen er islandske, spanske og nederlandske fiskerikonsern som eig nesten 60 prosent av fiskekvotane i England, og no vil få endå meir fisk gratis frå EU. I motsetning til England har dei skotske fiskarane i langt større grad greidd å halde på kvotene sine. Den skotske regjeringa har allereie kritisert avtalen og meiner den er dårleg for dei mange små familieeigde reiarlaga som er bærebjelken i skotsk fiske. Den skotske kvitfisknæringa vil få dårlegare vilkår enn dei hadde innanfor EU, er konklusjonen.

Verken EU eller Storbritannia har nokon fiskeriavtale med Noreg for 2021. Ingen av dei to landa får difor starte fiske i norsk sone, medan vi ventar på den trepartsavtalen som Noreg gjerne vil ha. Noko svar på fiskeriminister Ingebrigtsens invitasjon til forhandlingar er i skrivande stund ikkje komen. Det er ikkje uvanleg at intern EU-strid om fisk fører til krav om økte kvotar i Barentshavet. Det kan kome no også, kanskje med Spania som pådrivar. På norsk side bør vi kanskje diskutere om kor lenge vi skal gje EU/UK ein torskekvote på over 20.000 tonn i nord som dei også har overfiska i fleire år. For dette får vi berre «papirfisk» på ressursar som EU sjølv har nedfiska for lenge sidan.

Om det no blir EU eller Storbritannia som skal gje oss denne «papirfisken» spelar ingen rolle. Vi kan sikkert få den slags frå begge. Derimot bør torskekvoten frå Noreg, om ikkje kuttast, så i alle fall reduserast til byteforholdet blir balansert. Det kan være ei god distriktspolitisk satsing på starten av det nye året.

  • Gunnar Grytås (f. 1949) har arbeidet som journalist med fiskerinæringa som spesialfelt i avisene Nodlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har vært forsker ved Norges Fiskerihøgskole, UiT, og har gitt ut ut flere bøker om norsk kystkultur og fiskeripolitikk. Han sto bak historien til Norges Råfisklag (2013) og var blant forfatterne bak fembindsverket Norges fiskeri- og kysthistorie.

Kommentarer til denne saken