Regjeringa har nettopp lagt fram ein offensiv klimaplan, som har blitt tatt godt imot av både miljørørsle og næringsliv. Det er mogleg redaksjonen i Nordlys snakkar på vegner av eit samla Nord-Noreg når dei avviser at landsdelen er klar for denne planen, at regjeringa "har mistet bakkekontakten", at høgare miljøavgifter "vil kunne kvele lønnsomheten i mange eksportbedrifter" og at regjeringa sin ambisiøse klimapolitikk er ein "trussel" mot regionen.

Men eg trur faktisk ikkje han gjer det. I motsetnad til Nordlys på leiarplass er eg sikker på at dei fleste i Nord-Noreg ønsker å vere ei tydeleg kraft i det grøne skiftet.

Utfordringane avisa peiker på – omstilling av tungtransport, avhengigheit av kortbanenettet, utfordringar for fiskerinæringa – er absolutt relevante. Men dei er ikkje unike for Nord-Noreg. I min eigen landsdel, Vestlandet, har vi mange av dei same utfordringane som skal løysast. Er klimapessismismen og endringsuviljen i Nordlys si leiarartikkel representativ for haldningane i Nord-Noreg? Eg trur eigentleg ikkje det. Snarare tvert imot.

Eg veit nemleg at det er mange i nord som ønsker seg ein sterk og tydeleg klimapolitikk. Det er det mange gode grunnar til. Ikkje minst at mange forstår kor store og alvorlege klimaendringane kan bli for vår nordlegaste landsdel. Kven skal dra på kvalsafari, dersom kvalane flyktar lenger nord mot kaldare farvatn? Kva skjer dersom skreien reiser same veg? Og kven skal bu på ishotellet eller dra på sledetur om vinteren blir like ustabil og regntung som sørpå? Reiselivsnæringa i Nord-Noreg har vore i enorm vekst dei siste åra. Nedturen kan bli like enorm om vi ikkje tek vare på naturen og stoppar klimaendringane.

Ja, omstilling er krevjande. Men alternativet er som regel verre.. Og dei nødvendige investeringane skal vi ta saman, det er ingen som ønsker seg skrekkscenarioa Nordlys teiknar opp med konkursar og investeringstørke. Om ein verkeleg er bekymra for konkurranseutsett industri og næringsliv bør ein heller sjå kva moglegheiter som ligg i det grøne skiftet. Ingen bedrifter, ikkje i Noreg, Nord-Noreg eller andre delar av verda vil tene på å halde fast ved teknologi verda er i ferd med å vende ryggen.

Vi kjem ikkje i mål med utsleppskutta utan å ta i bruk verkemiddel som avgifter og kvotesystem. Ikkje dei mest populære verkemidla, men altså naudsynte. Vi må gi dei innovative aktørane insentiv til å ta i bruk nye teknologiske løysingar. Det regjeringa har foreslått er ei gradvis opptrapping av avgifta til 2000 kroner i 2030, det er ti år til, og gir tid til omstilling. Vi skal òg kompensere for auken i avgifta, og intensjonen er at kompensasjonen kjem dei til gode som må betale meir i avgift. Samstundes ligg det mange andre verkemiddel i klimaplanen til regjeringa. Vi skal støtte omstillinga gjennom Enova, og vi skal leggje til rette for omstillinga på mange andre vis.

Nord-Noreg er allereie i full gang med det grøne skiftet. Tal frå Opplysningskontoret for vegtrafikk viser til dømes at for heile Troms og Finnmark fylke var elbildelen i nybilsalet i desember 2020 på 49,5 prosent. Og vi byggjer ladestasjonar i distrikta som aldri før. 25 nye hurtigladestasjonar vil stå klare i Troms og Finnmark til sommaren, i eit samarbeid mellom Enova og lokale kraftleverandørar. Og i Nordland skal vi no gjere det same.

Det grøne skiftet er som ein stafett, og Noreg treng alle gode krefter om vi skal vinne. Hadde eg vore redaksjonen i Nordlys ville eg brukt meir plass på å vise fram alle dei gode eksempla på klimaomstilling som blir gjennomført i landsdelen kvar einaste dag. Og litt mindre tid på å fortelje Storting og regjering at det grøne skiftet ikkje er noko Nord-Noreg verken kan eller bør forhalda seg til.