Elektrifisering forlenger den norske fossilalderen. Då Noreg var ny som oljestat, var alle klar over at olje- og gassressursane ville ta slutt. I dag er det kjent at dei fossile brennstoffa er hovudårsaka til global oppvarming. Likevel vil styresmaktene ikkje vite at oljealderen tar slutt. Den norske staten, hovudeigar i eit stort internasjonalt oljeselskap, driv olje- og gassutvinninga ut i uvissa. Konserndirektør Kjetil Hove fortalde i fjor at Equinor jobbar for at Noreg skal bli den siste leverandøren av olje i verda.

Er dette lyse utsikter for dei som veks opp? Er det trygt? Den globale oppvarminga har ført til årelang tørke i mange land. Redd Barna fryktar den verste sveltkatastrofen i moderne historie.

For norsk fossilproduksjon var 2022 også eit historisk år. På grunn av krigen i Ukraina kunne norsk gass seljast til rekordprisar i Europa, og i sommar hadde Equinor større inntekter enn noko norsk selskap har hatt nokon gong. Finansministeren sa nyleg at den norske staten heller aldri har tent meir på olje og gass. Statens oljefond bikkar 14 tusen milliardar.

Det minkar i oljefelta i Nordsjøen, og oljeselskapa snur seg nordover. I år har regjeringa lyst ut 94 nye lisensar for leiteboring nord for Troms og Finnmark. Anlegget for produksjon av flytande gass på Melkøya ved Hammerfest skal elektrifiserast. Det er for å forlenge levetida til anlegget, seier direktør for prosjektutvikling i Equinor Trond Bokn; utan oppgradering er det ingen garanti for at anlegget lever ut over 2029. Men det er ikkje sikkert at Europa i 2030 vil vere klar til å kjøpe norsk fossil gass til høge prisar.

Forlenging av olje og gass

Oppgraderinga omfattar kompresjon av gassen frå Snøhvitfeltet, for å halde oppe trykket når det er mindre gass att. Konserndirektør i Equinor Geir Tungesvik, har sagt at prosjektet sikrar langsiktig drift og eksport frå Melkøya mot år 2050, altså i ein generasjon til. Sjølve elektrifiseringa av Melkøya blir sagt å vere det største klimatiltaket til Equinor. Gasskraftverket som produserer straum til anlegget, og er eit av dei største utsleppspunkta i Noreg, skal rivast og erstattast med straum frå nettet. Rein vasskraft skal altså brukast til å produsere klimaskadeleg fossil gass for eksport. For Equinor vil det lønne seg; Staten dekker storparten av investeringane under oljeskattepakken, det blir mindre CO2-avgift å betale, og færre klimakvotar å kjøpe. Equinor har vurdert andre klimaløysingar for Melkøya, men har avvist både straum frå havvind og CO2-lagring, fordi det blir for dyrt.

Saka er at mesteparten av gassen som ikkje blir brent i kraftverket, seinare vil bli eksportert til utlandet.[1] Olje- og gassnæringa sin bransjeorganisasjon Offshore Norge slo fast i 2022 at elektrifisering av den norske sokkelen kan frigjere store mengder gass for eksport til EU. Elektrifiseringa frigjer altså nye mengder klimautslepp i EU. I januar kom ein ny rapport frå Offshore Norge, som hevdar at elektrifiseringa likevel vil minke dei globale utsleppa: når Noreg ikkje må kjøpe så mange utsleppstillatingar (kvoter), vil EU redusere det samla kvotetalet. Fleire har reist tvil om den samanhengen. Uansett er kvotesystemet ei betalingsordning for utslepp. Dersom dei faktiske utsleppa skal ned, må ein bestemme seg for å la olja og gassen ligge.

Klimabløff

Elektrifisering er ikkje eit klimatiltak. Det er grønnvasking, ein klimabløff. Utsleppa som forsvinn frå den norske rekneskapen, hopar seg opp i den felles atmosfæren. Dei blir ikkje borte, dei blir berre flytta på. Under Parisavtalen har Noreg eit ansvar for utsleppa frå olja og gassen vi eksporterer, som utgjer meir enn ti gongar alle utslepp innanlands i Noreg.

Equinor har som kjent fått reservert så å seie heile kraftoverskottet i Nordland, Troms og Finnmark, slik at alle andre som søker om kraft får avslag. Straumprisane til hushalda, offentlege verksemder og næringslivet i landsdelen vil naturlegvis auke drastisk. Elektrifiseringsplanane har ført til ein storm av rasande og fortvila protestar frå heile Nord-Noreg. Både Ap-ordførarane og høyrepolitikarane har skrive protesterklæringar.

Elektrifiseringa krev dessutan ei ny 420kV kraftline («monstermaster») over vidda frå Skaidi til Hammerfest – eit stort inngrep i reindrifta, naturen og friluftslivet. Reinbeitedistriktet leverte klage for ti år sidan, og saka er enno ikkje avklara rettsleg. NVE innstilte i september på at departementet kan gi konsesjon for kraftlina utan å bryte med folkeretten, men sa også at ulempene for reindrifta truleg ikkje lar seg bøte fullt ut, verken i anleggs- eller driftsfasen. Frå Sametinget blir det åtvara mot nye brott på menneskerettane.

Dei andre arbeidsplassane

Korfor kjører Staten så hardt for å trekke den norske oljealderen lenger inn i klimakrisa?

Det er ikkje for å sikre velferd, det ser vi. Det er lenge sidan oljeinntektene gjekk til velferdsformål; dei går rett inn i Oljefondet, blir investert på finansmarknadane, og skal ikkje brukast i Noreg.

Er det arbeidsplassane? Neppe. Etter planen vil elektrifiseringa redusere bemanninga på Melkøya, fordi gasskraftverket blir borte, og behovet for vedlikehald blir mindre. Direktør Bokn seier likevel at investeringane på Melkøya vil gi store ringverknader med 1700 årsverk lokalt. Men i dag er det hard konkurranse om faglært arbeidskraft i Finnmark og i heile landet. I norsk olje- og gassnæring og leverandørindustri er ein stor del av arbeidarane langpendlarar frå Aust-Europa, utleigd for korttidsopphald gjennom bemanningsbyrå. Dei har ikkje norsk personnummer, ikkje rett på sjukepengar og andre sosiale ytingar, og betaler ikkje skatt til norske kommunar.[2] Reparasjonane etter brannen på Melkøya i 2020 kravde stor innpendling av fagarbeidarar til fylket.

Sjølv om det blir snakka om tusenvis av arbeidsplassar, er det klart at den offentlege satsinga på olje og gass ikkje handlar om jobbar. Då ville ein ikkje utsett dei eksisterande arbeidsplassane i landsdelen for risikoen frå elektrifiseringa av Melkøya. Alle jobbar, private og offentlege, er avhengig av straumprisar som lar seg handtere. Høyre-ordførar Geir Varvik i Storfjord kommune spør i Nordnorsk debatt 11.01.2023 om batterifabrikkar og auka forbruk i olje- og gassbransjen skal styre bruken av krafta. Han meiner at busettinga og vidareutviklinga av dei små samfunna er aller viktigast; når for eksempel fiskeindustrien på Senja eller Skjervøy ønsker å utvide bedriftene, må vi ha kraft tilgjengeleg, ikkje bunden opp i olje- og gassnæringa for at det skal sjå godt ut i ein klimarekneskap.

Arbeidsplassar i olje og gass er spesielle fordi dei skaffar enorme inntekter til Equinor og Oljefondet. Dei treng ikkje meir pengar. Miljøbevegelsen i Noreg krev rask og planmessig utfasing av norsk olje- og gassutvinning. Omstillinga kan ikkje vente til fossilmarknadane bryt saman. Formålsparagrafen til Besteforeldrenes klimaaksjon slår fast at Noreg må fase ut fossil energi så raskt som muleg, og samtidig ta vare på naturen. Det er eit spørsmål om global solidaritet og rettferd mellom generasjonane. Besteforeldrenes klimaaksjon protesterer mot yttarlegare elektrifisering av olje- og gassproduksjonen.

[1] Oljedirektoratet, NVE, Petroleumstilsynet, Miljødirektoratet 2020: Kraft fra land til norsk sokkel. Rapport.

[1] Berge, Andreassen, Køber 2022: Den grenseløse arbeidskraften. SSB analyse. Flatmo, Lekve, Kallel 09.01.2023: Nå er det verftsarbeidernes tur; Espe, Johansen og Rostad 15.04.2021: En tsunami av løsarbeid, begge i Klassekampen.