Gå til sidens hovedinnhold

Eivind har portrettert 19 lærarar. Ein av dei står bokstaveleg tala fram som eit fyrverkeri!

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eivind Bråstad Jensen er ein flittig slitar i Vårherres vingard. No har han komme med ei ny bok som kompletterer rekkja av publikasjonar som alle på eit eller anna vis dreier seg om skole, utdanning, lærarar og lærarutdanning i Nord-Norge. Få, om nokon, har bidratt så mykje som han til kartlegging, analyse og vidareformidling av nordnorsk skolehistorie, ikkje minst den skolehistoria som er knytt til Tromsø, med omdreiingspunkt rundt seminaret som seinare blei lærarskolen, deretter lærarhøgskolen, så Høgskolen i Tromsø og no til slutt Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP) ved Universitetet i Tromsø. Utan Bråstad Jensens faglege produksjon hadde kunnskapshola om skolefortida i landsdelen vore mykje større enn dei er.

Den nordnorske skolehistoria er sjølvsagt ein del av den nasjonale skolehistoria. Samstundes er nordnorsk skolehistorie ein heilt unik del av felleshistoria. Dette unike utgjer eit anna viktig omdreiingspunkt i Bråstad Jensens faglege arbeid: det multietniske, fleirkulturelle og fleirspråklege Nord-Norge, altså dei tre stammars møte i relasjon til den nasjonale skolen generelt og den nordnorske skolen spesielt.

Fleire av arbeida til Bråstad Jensen har eit sterkt personfokus. Enkeltmennesket, altså den enkelte lærarstudenten, læraren eller lærarutdannaren får og beheld ordet i tekstane. Det gjeld også den boka som skal omtalast her, Lærerutdanning og lærerliv i Tromsø. Dette er ei bok med eit meir samtidig perspektiv enn tidlegare historisk orienterte arbeid frå Bråstad Jensens hand. Her blir 19 nolevande lærarar, utdanna i Tromsø, portretterte.

Om vi ser litt stort på det, er dei alle av same generasjon som forfattaren sjølv. Han gjer greie for metoden sin i ei stutt innleiing. Desse 19, som alle er utdanna frå det som da heitte Tromsø lærarskole eller Tromsø lærarhøgskole har han hatt relativt lange samtalar med. Samtalane utgjer hovuddelen av boka. I tillegg er det med eit lite, noko springande kapittel kalla “Trekk i utviklinga av Tromsøskolen” og ei svært kort “Oppsummering” til slutt. Samtalane er av ulik lengd og varierer ein god del i kvalitet.

Bråstad Jensen har altså først gjennomført eit intervju med den enkelte, så transkribert intervjuet, truleg redigert og bearbeidd det noko og så sendt det attende til det enkelte intervjuobjektet til eventuell retting og godkjenning. Same metoden brukte han da han gav ut bok om dei såkalla universitetspionerane.

Bråstad Jensen er ein god samtalepartnar. Det veit alle som kjenner han. Han er òg god til å lytte. Denne samlinga intervju viser at han har makta å la stemmene til dei han har samtalt med, få gjennomsyre enkeltintervjua. Dei 19 lærarane trer såleis fram som dei enkeltindivida dei er, samstundes som dei alle er blitt presenterte for dei same emna. Desse er innleiingsvis i boka lista opp i ni kulepunkt:

  • Forholdet mellom pedagogisk teori og praksis.
  • Motiv for å søkje lærarutdanning.
  • Fagleg utbyte, studiekvalitet og utdanningas betydning for lærararbeidet.
  • Vektlegging på dei tre stammars møte.
  • Arbeidsmåtar og forholdet til lærarar og medstudentar.
  • Deltaking i fritidsaktivitetar som songkor, skoleavis, revyarbeid,
  • Idrett, skolelag og studentpolitikk.
  • Korleis og i kva grad utdanninga har førebudd studentane på læraryrket.
  • Lærarrolle og læraridentitet.
  • Deltaking i politikk, organisasjonsarbeid på ulike samfunnssektorar etter fullført lærarutdanning.

Ikkje alle desse emna blir dekte i alle intervjua, men stort sett er dei fleste av intervjuobjekta inne på det meste av det forfattaren har vilja diskutere med dei. Ikkje uventa har dei ulike oppfatningar og gir uttrykk for ulike erfaringar.

Men på eitt punkt er det bortimot unison semje. Som ein raud tråd gjennom nesten all intervjua går uttalt misnøye med faget pedagogisk teori og praksis, særleg med ein påstått manglande samanheng mellom teori og praksis. Dette har vore og er framleis ein velkjend og seigliva klagesong i lærarutdanninga.

Eg kan sjølvsagt ikkje avvise denne temmeleg massive kritikken, men grip meg i å spørje meg sjølv om i kva grad ei form for mytedanning er i spel, mytar som blir kolporterte frå generasjon til generasjon. For faget har vel utvikla og endra seg gjennom tida, og det vi kan lese om praksisopplæringa dei eldsta av intervjuobjekta fekk, må da vere heilt annleis enn den som no møter lærarstudentar i dei såkalla universitetsskolane?

Eg undrar meg òg over at ingen av dei intervjua tar opp tråden og diskuterer med seg sjølv (og Bråstad Jensen) kva det er som karakteriserer ein god lærar. Korleis kan ein lære å bli lærar?

Bråstad Jensen har interessert seg mykje for rollen den nordnorske skolen har spelt som fornorskingsagent overfor samiske og kvenske elevar. Naturlegvis tar han også opp dette spørsmålet i denne boka. Ingen av intervjuobjekta hans kan minnast å ha fått noka form for undervisning om relevante problemstillingar knytte til det multietniske, fleirspråklege, og fleirkulturelle Nord-Norge, som mange av dei jo kom til å møte som lærarar i skolen. Det er forstemmande, men heldigvis kan vi konstatere at på dette feltet har mykje endra seg sidan desse 19 tok lærarutdanning. Mange av dei er for lengst pensjonistar.

Gjennomgåande minnest dei fleste eit svært positivt sosialt skole- og klassemiljø. Dei deltok i lag og foreiningar, skreiv skoleavis, song i kor, spelte revy, var med i mållag, i kristeleg skolelag og dreiv idrett. Sosialisering gjennom slike aktivitetar representerer også verdfull lærarutdanning.

Kvaliteten på intervjua varierer ein god del. Det er truleg intervjuobjekta minst like mykje som Bråstad Jensen å takke. Særleg er eg imponert av intervjuet med Helge Stangnes. Han gjekk på fireårig lærarskole der opptaket baserte seg på ein svært grundig opptaksprøve. Og han er faktisk i stand til på meir enn fire sider å gje att innhaldet i 11 prøvedagar og til slutt “dommens dag”, som han måtte igjennom som attenåring. Det er fascinerande lesing, prøvene var alvorlege nok, men Stangnes skriv artig og sjølvironisk om både prøvene og dommen.

Eit anna intervju eg finn grunn til å framheve, er det med Reidun Mellem. Ho er kanskje den som sterkast kritiserer mangelen på fagleg nordnorsk forankring i den utdanninga ho sjølv – og for den del dei andre intervjuobjekta – fekk. Hennar hjartesak er kvensaka, og ho argumenterer også for at kunnskap om læstadianismen var og er nødvendig for å forstå viktige sider ved nordnorsk kristenliv. Mellem er nyansert i kritikken sin, og gjennom intervjuet nemner ho fleire lærarar som ho har arbeidd saman med både i skolen og i Kvenforbundet, som ho snakkar varmt om.

Eg greip meg i å spørje meg sjølv under vegs: Kven av dei 19 lærarane ville eg ha ønskt å ha som lærar, eller ønskt for barn eller barnebarn? Eg er ikkje i tvil: Åge Mellem. Han står bokstaveleg tala fram som eit fyrverkeri av ein lærar. Og så kallar hans eg sjølv einstøing! Takke meg til slike einstøingslærarar!.

Ikkje alle dei intervjua er like rause med rosen. Fleire av dei skyt frå hofta, også på namngitte enkeltpersonar, mellom anna ein avdød øvingslærar som fleire nemner. Dette nærmar seg det injurierande. Om ein ikkje kan injuriere ein død person, kan jo vedkommande ha slektningar eller etterkommande i livet.

Her er det ikkje mogleg å gå inn på alle intervjua. Mange seier mykje klokt og fornuftig om lærarutdanninga som ein modningsprosess, om krevjande eller lite krevjande lærarar, om relevans og irrelevans. Ikkje alle er like kritiske til pedagogisk teori og praksis, sjølv om det heilt klart er her kritikken er skarpast og mest unison.

Dette er neppe den viktigaste boka Bråstad Jensen har skrive. Det som likevel gjer boka interessant og leseverdig, er dei 19 intervjua som utgjer hovudtyngda. Dei innleiande og avsluttande delane er så korte og lite gjennomarbeidde at desse delane av boka ikkje gir lesaren stort.

Eg kunne ønskt meg eit lengre sluttord til oppsummering og nærmare analyse av funna i intervjumaterialet. Ein slik analyse ville ha kunna bidratt til vidare diskusjonar av det som framleis ser ut til å vere elefanten i rommet i lærarutdanninga, nemleg det vanskeleg forholdet mellom pedagogisk teori og praksis.

Kommentarer til denne saken