Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Audun Lysbakken har varsla at han ikkje tar attval på SVs landsmøte våren 2023, og Kirsti Bergstø er til no den einaste som har meldt seg som kandidat til å ta over leiarvervet. Ho er ein glimrande kandidat, og bør veljast på landsmøtet.
Ho kan leie SV vidare mot å bli eit breitt folkeparti for miljø og rettferd. Ho er hardtarbeidande, folkeleg, og med eit glødande hjarte for dei som har minst. Ho har via mykje av livet sitt til SV, og har ei brei erfaring frå ei rekke forskjellige verv og oppgåver for partiet. Ho står fagrørsla nærme, og snakkar med arbeidsfolk kor enn ho er.
Eg har vore så heldig å ha Kirsti Bergstø som toppkandidat over meg ved fylkestingsvalet i 2019, der eg sjølv var på 2. plass. Valkampen i 2019 var ein av dei beste eg har vore med på. Hennes evnar til lagarbeid, til å snakke med alle slags folk, og til å løfte dei politiske sakene, var ein viktig grunn til at eit fylke utan ein spesielt fordelaktig demografi vart sterkaste SV-fylkeslag i landet, med eit valresultat nesten 5% over landssnittet
Resultatet gjorde at vi fekk ei stor gruppe i fylkestinget og vann fram med å snu tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark. Det var også under den valkampen at ho verva ein drosjesjåfør som medlem av SV under ein taxitur frå Tromsø sentrum til flyplassen, slik ho også har verva fleire enn mange andra. Ho senker terskelen for å bli med i partiet og aukar taket for meningar som løftast, slik at SV kan romme ein større del av folket.
Eit leiarval er eit politisk val. Partiets hovudsaker skal være rettferd og miljø, slik det har vore dei siste 30 årene. Partileiinga er sjølvsagt forplikta til å følgje opp dei politiske vala som fleirtalet i partiet har gjort, men det har likevel mykje å seie kva det politiske prosjektet til ein partileiar er. Kirsti Bergstø har vore arkitekt bak mange viktige prosjekter for partiet, venstresida og landet, og for meg er arbeidet ho gjorde saman med Troms og Torgeir Knag Fylkesnes da ho var stortingskandidat for Finnmark i 2013 viktig.
SV i nord utmeisla “Ja til Nord-Norge”-strategien, der fordeling av makt og rikdom både på land og i havet etter kvart har blitt ein sentral del av fordelingspolitikken til SV. Kirsti Bergstø og SV i nord har bidratt til å breie ut partiet. Det trengst ein balanse i partiet mellom by og land, og at fordeling både har eit klasseperspektiv og eit distriktsperspektiv er noko som Kirsti Bergstø er tydeleg på. Kirsti Bergstø var også forslagsstillar i Stortinget å sette ned det som har blitt sannings- og forsoningskommisjonen for å granske urett gjennom fornorskingspolitikken mot samar, kvenar og norskfinnar.
Det ingen eg er samd med i alle politiske enkeltspørsmål, heller ikkje Kirsti Bergstø, men eg er veldig einig i den retninga som partiet vil ta med henne som partileiar. Eit breitt sosialistisk folkeparti for rettferd og miljø. Det er ei ferd eg håper flest mogleg i partiet vil vere med på.