Den internasjonale forskingslitteraturen er samstemde om at det å bli utestengd frå arbeid har dramatisk negative helseeffektar. Dette understøttar teorien om den fundamentale rolla arbeid har i menneskelivet, og understrekar den vitale oppgåva arbeidsmarknads-, sosial- og næringspolitikken har. Den kontinuerlege veksten i talet på personar med uføretrygd over fleire ti-år, og då særleg blant dei under 30 år, er her svært utfordrande for å lukkast med tiltak for tilbakeføring til arbeidslivet.

«Medicalisation of unemployment» er eit uttrykk brukt i internasjonal forsking om ein praksis der arbeidsdyktige arbeidslause blir uføretrygda og såleis utestengde frå arbeidslivet. Omgrepet medikalisering blir meir generelt brukt om ei utvikling kjenneteikna av at stendig fleire livsproblem og grunnleggjande samfunnsproblem blir forklarde medisinsk og gjorde om til individuelle helseproblem. Helsevesenet blir så gjeven rolla som buffer og oppryddar, eit paradoks i velferdsstaten. Kva konsekvensar har slik utestenging for den enkelte og sosial ulikskap i helse?

Vi publiserte nyleg i eit internasjonalt tidskrift ein artikkel om helse og ulikskap og effekten av utestenging frå arbeid. Arbeidet er ein del av eit forskingsprosjekt ved UiT om helse og ulikskap. Helseundersøkinga i Finnmark 1987/88 (alder 30-62 år) blei brukt for å studera risiko for død over ein periode på 30 år. Ulik fordeling av risiko for død er ein sensitiv indikator for korleis helsetilstanden er fordelt i samfunnet.

Er det sosiale helsegapet eit relativt nytt fenomen? Risiko for død er sterk ulikt sosialt fordelt i Noreg til liks med dei fleste land. Trenden over fleire tiår har dessutan vore at dette sosiale helsegapet har blitt stendig forsterka. Denne trenden reiser eit interessant historisk spørsmål - om sosial ulikskap i helse faktisk var mindre tidlegare? Ein omfattande studie av sosial ulikskap i mortalitet i Sverige viste dette. I perioden 1813-2015 fann dei at sosial ulikskap først blei synleg - og klart stigande - etter 1950-talet.

Vår studie støttar dette: Stor ulikskap blant dei yngste stod i kontrast til marginal ulikskap blant dei eldste. Noko av denne skilnaden kan forklarast ved seleksjon (dei med lågast sosioøkonomisk posisjon døyr tidlegare og derfor døde før studien starta). Den andre delforklaring kan vera at vi fanga ein kohorteffekt lik den svenske, at den sosiale skilnaden i helse er eit relativt nytt fenomen.

Korleis kan medikalisering av arbeidsløyse påverka sosial ulikskap i helse? Først, status som arbeidsufør var den faktoren som hadde sterkast negativ effekt på eigenvurdert helse. Etter 30 års oppfølging var dessutan eigenvurdert helse det som aller best predikerte risiko for død. Vidare, personar med uføretrygd hadde ein sterkt forstørra dødsrisiko, til dømes over 3 gonger større for aldersgruppa 30-39 år. Dette samsvarar med tidlegare forsking. Ein studie frå Sverige synte at den relativt høgre risiko for død hos uføretrygda ikkje kunne forklarast av årsaka til trygding, underliggjande tilstandar, risikoåtferd eller sosial determinantar. Ettersom den sosiale seleksjonen til denne gruppa er ekstremt skeivfordelt (lågutdanna sterkt overrepresenterte), ser vi ein urovekkande sterk effekt av sosial ekskludering som har både økonomiske og helsemessige følgjer. Denne sosialt skeive rekrutteringa til uføretrygd og deira forstørra risiko for død bidrog vesentleg til å forstørra helsegapet.

Uføretrygd er ein avgjerande viktig grunnstein i velferdsstaten. Diverre har det vore kjent i mange tiår at arbeidsføre menn og kvinner blir uføretrygda i mange tiår. Forsking publisert på 1970-1980-talet verifiserte at slik trygding også blei brukt som skjult arbeidsledigtrygd og at den var politisk velsigna. Seinare har talet på personar med uføretrygd stege kontinuerleg. Når arbeidsføre på denne måten blir utestengde frå lønna arbeid har det ein sterkt marginaliserande effekt. Diagnosen arbeidsufør er, uavhengig av sjukdom, plager og sosial posisjon, den faktoren som reduserer både sjølvvurdert helse og livslengd aller mest, har livslange negative verknader (u-helse, sosialt liv, økonomi) for den enkelte og samfunnet.

Medikalisering og utestenging kan motverkast. Forsking internasjonalt og i Noreg viser overtydande effektar av ulike forsøk med å førebyggja/utsetja arbeidsufør-pensjonering, t.d. Individuell jobbstøtte (IPS) og «Graded return to work» (GRTW). Vi har kunnskap som det hastar med å omsetja - på brei front - og der må arbeidsmarknads-, helse-/sosial- og næringspolitikk spela på same lag.