I 2016 fekk Høgre ein ide om å innføre eit karens-år for alle som har brukt meir enn tre år på arbeidsavklaring i Nav. Dette straffeåret blei innført frå og med 1. januar i 2018 med ei einaste stemme i overvekt. Konsekvensen for mange var knusande. Arbeidsavklaringspengar: Gløym det. Eig du eit hus: Selg det.

Vi har møtt fleire. Ei av dei heiter Anja. Ho var både reiseglad og dyktig i jobben, men så streika helsa. Det ga behov for arbeidsavklaring. Håpet var å komme seg tilbake igjen i arbeid med dei kreftene ho hadde. Så vart karensåret innført. Fattigdommen slo som ein giljotin. Det skulle ikkje ta lang tid før ho blei innlagt under psykisk helsehjelp på grunn av matmangel. For familien vil det aldri bli det same igjen.

Dette er karens. Derfor må det bort.

Det er ikkje godt å seie kvifor Høgre framleis vil ha denne ordninga. Nå dei på den eine sida meiner at rike blir motivert av meir pengar, kvifor meiner dei at alle andre blir motivert av å få mindre?

Vi kan allekomme i ein situasjon der vi vil trenge litt hjelp. Da må systemet fungere.

For sjuke som mottar arbeidsavklaringspengar (AAP) og som er i arbeidsavklaring, er det viktig at ein skal bli avklart så fort som mogleg. Det handlar om at folk skal få bruke arbeidsevna, men også ta vare på helsa.

Vegen tilbake blir ikkje enklare av å erstatte asfalten med ein avgrunn. Folk må få ei avbruddsfri inntektsikring ogoppfølging av Nav til avklaringa er ferdig.

Difor er vi glad for at den nye regjeringa skal fjerne heile karensåret. No må vi sørge for at det blir sånn. Karensåret blei innført med ei stemme overvekt. Den endelege kampen er ikkje over før Høgre, Venstre,

KRF og FRP forstår at dette er ein dårleg sosialpolitikk med store konsekvensar.

Dette handlar om Anja.

Dette handlar om folk.

Frå vår side skal det i alle fall vere krystallklart:

Karensåret skal bort.

Riktig hjelp til riktig tid.

Det er målet!