Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eks-statsminister Carl Bildt fornekta seg ikkje då han valde 9. april til å påstå at Sverige ville gjeve Tyskland mykje hardare motstand ved ein eventuell invasjon enn Noreg og Danmark var i stand til.
Svaret på dette får vi sjølsagt aldri vite, og truleg skal svenskane vere mest glade for det. For ut frå det vi veit i dag var Sverige mildt sagt dårleg førebudde på ein eventuell lynkrig med Tyskland våren 1940. Her er Bildt sine arrogante twitter-meldingar om lag like faktabaserte som dei vi trudde vi var kvitt med Donald Trump.
Tidleg i april hadde Sverige nyleg demobilisert i sør. I Skåne var det berre patruljerande politi og nokre små militære avdelingar att til å stoppe ein eventuell tysk landgang via Danmark. Enorme mengder ammunisjon, 600 einingar med tunge infanterivåpen og artilleristod att i Finland der vinterkrigen nettopp var slutt. Det gjorde også 32 jagarfly.
Den tyske lynkrigføringa inneheldt nokre nye og overraskande moment som Sverige ikkje var rusta for å møte. Det hadde vi til felles med mange av dei landa Tyskland okkuperte på denne tida, er oppsummeringa til den svenske forskaren Klas Åmark. Han var leiar av eit større forskningsprogram om Sverige og nazi-Tyskland og forfattar av boka «Att bo granne med ondskan». Åmark hevdar at det svenske forsvaret var «oppsiktsvekkjande svakt» i dei første kritiske aprildagane, og særleg på det mest kritiske punktet: å kunne møte ein fiende med motoriserte avdelingar, pansertropper og eit offensivt flyvåpen. Dei svenske generalane var heller ikkje mellom dei skarpaste knivane i skuffa.
Med støtte i tysk forskning slår dei svenske forskarane fast at det aldri var aktuelt for Tyskland å okkupere Sverige. Det var det heller ingen grunn til. Hitler-Tyskland fekk alt dei peikte på; jernmalm, verdas beste kulelager, pressesensur, fri transitt gjennom landet. Svensk nøytralitet rotna på rot.
Sverige hadde i byrjinga av april ein hær på 90.000 vernepliktige, dei fleste i Norrland. Formålet var å sende svenske styrkar til Nord-Finland som støtte i vinterkrigen mot Sovjet. Deretter la generalane planar for korleis ein svensk/finsk allianse skulle gå til krig mot Sovjet. For høgresida i svensk politikk hadde draumen om å knuse kommunismen og gje Sverige ein leiande posisjon i Østersjø-regionen ein klar appell. Men for samlingsregjeringa som ville halde Sverige nøytralt vart den militære Finlands-aktivismen ein verre akilleshæl enn sympatien for nazi-Tyskland.
Medan tyske soldatar fekk fritt leide nord gjennom landet, oppstod det samstundes ei djup tillitskløft mellom den politiske og militære leiinga av landet. For å gje generalane noko å halde på med fekk dei godkjenning til å starte ei jakt på svenske kommunistar. Her vart fleire hundre internerte i arbeidsleirar utan lov og dom. I Norrbotten der denne jakta var mest intens vart det total kontroll med all post, telefon- og persontrafikk. I mars 1940 vart den kommunistiske avisa «Norrskensflamman» sprengd i brann i eit sivilt/militært samarbeid leia av politimeisteren i Luleå. Fem personar, derav to born, omkom i ei politisk terrorhandling som framleis er den verste i svensk historie.
Denne terroren mot uskuldige landsmenn blir i svensk historie omtala som «hemmakriget». Andre spor av noko som liknar på krig eller kamp er vanskelege å finne. I den grad dette er eit sakn for Carl Bildt, må han leve med det.