Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Frå fleire hald har det komme bekymring for personellsituasjonen i Forsvaret; spesialistar sluttar mykje tidlegare enn Forsvaret ønsker, det trengst meir teknisk personell, befal og offiserar, og Heimevernet bør bli større. Det einaste som kan erstatte styrking av verneplikta er ei heilprofesjonalisering av Forsvaret. Det bør verken folk eller Forsvaret sjølv ønske seg.
Grunnlaget for å løyse fleire av utfordringane i Forsvaret er å styrke verneplikta. Den såkalla “styrkebrønnen” må vera tilstrekkeleg djup, og med nok friskt vatn for å sikre all slags personell i Forsvaret. Reservistar, særleg i Heimevernet, har også ein betydeleg sivil kompetanse som Forsvaret og beredskapen i Noreg har bruk for, noko som vil bli borte med ein heilprofesjonell styrke.
Så godt som alle kan gjere ein innsats for forsvaret av landet vårt om det blir nødvendig, og det bør vi legge til rette for. Forsvaret er langt meir enn dei som står fremst i frontlinja. Det trengs mange fleire som må legge til rette og understøtte. Fleire hender vil auke forsvarsevna betrakteleg.
Den norske egalitære verneplikta har også ein tilleggsdimensjon som er viktig for totalforsvaret. Jo fleire som har avtent førstegongsteneste, jo fleire vil det vera som har kunnskap om grunnleggande beredskap, og forsvarsvilje og -evne i befolkninga blir betre. I eit demokratisk samfunn som Noreg er det ein styrke med opplyst debatt om forsvar og beredskap, og jo større breidde av befolkninga som har kjennskap til Forsvaret, jo betre opplyst blir debatten. Det skapar også større forståing for at det finst - relativt sett få - område der tryggingsomsyn gjer det nødvendig med hemmeleghald.
Eit alternativ der personellutfordringane skal løysast berre med bruk av profesjonelle soldatar, vil føre til større avstand mellom befolkning og samfunnet - og ein dårlegare forsvars- og tryggingspolitisk debatt. Vi må være i stand til å forsvare landet vårt sjølv, da må også verneplikta styrkast.