Stadig kjem det små drypp frå ein av landsdelens mest høglytte stemmar, politisk redaktør Skjalg Fjellheim, om statsbudsjettet sine løyvingar til flyplassen i Bodø, som blir sett opp mot andre viktige prosjekt i landsdelen. Han kalla den Gahr Støhres «gjøkunge» og at oppryddinga etter Forsvaret i Bodø er ei «uansvarlig» og «umusikalsk (…) rullebaneflytting». Fordi byutvikling er alfa og omega for å sikre busetting og vekst i landsdelen, vil vi prøve å forklare korfor prosjektet er viktig. Som byhistorikarar utdanna ved UiT vil vi derfor starte med litt historie.

I 1950 vart det vedtatt at Bodø skulle ha hovudflystasjon for det norske flyvåpenet. Denne vart lokalisert 800 meter frå det eksisterande bysentrum i ein by der nærmaste skole til flyplassen – Hernes (bygd i 1936) låg inne på sjølve flyplassområdet. Ungane hadde «teoretisk undervisning» når jagarflya letta og landa, så det tok ikkje lang tid før ho måtte bort. Frå før flytta forsvaret heile bygda inne på området, slik dei gjorde med Skarstein-bygda på Andøya. Etableringa førte til byvekst frå det tradisjonelle sentrum og inn til flyplassgjerdet i ein av dei ti raskast veksande byane i landet mellom 1950 og 1976. Byen voks på dyrka mark på dei nærmast liggande gardsbruka i nabokommunen Bodin.

Med tida vart flyplassen og den sivile luftfarten også utbygd, og med den fekk vi nasjonale diskusjonar om flystøy, all den tid vestkantbefolkninga i Oslo særleg vart plaga av støy frå sivil luftfart på Fornebu. I 1962 slutta Stortinget seg til «Flystøyutvalget» og vedtok byggeforbod nærmare enn 1500 meter frå inn- og utflygingsområdet til landets flyplassar, og ei støygrense på 110 desibel for bustader. Heile Bodø by låg innafor denne sona, utan at det førte til erstatningar.

I alle saker som gjaldt byutvikling – særleg boligutvikling – var det til ei kvar tid snakk om forhandlingar mellom kommunen og tre departement. Ikkje berre var det komplisert, men det var også hemmande, frustrerande og – ikkje minst kostbart. Det lamma utviklinga, og skjedde på same tid som Staten stilte krav om at byen hadde ein konkret plan for bustadbygging.

Som om ikkje det var nok, vart byens styresmakter hindra i å ta i bruk jordbruksareal i dei nye områda som vart frigjort ved kommunesamanslåinga med Bodin i 1968. I klausulen ved Nordland fylkeskommunes overtaking av Rønvikjordene frå Staten i 1961/62, heitte det at endra bruk av jordbruksarealet måtte leggast fram for Stortinget. Brukarane av jordene – Rønvik sykehus – akta ikkje å gi frå seg ein «kvadratmeter dyrket jord». Med auka fokus på jordvern, og med tanke på berekraft og lokal matproduksjon var det utelukka å utvikle dei bynære områda. Beredskaps- og tryggingsperspektivet var også viktig. No vart Nordland fylkeskommune ein motpart i byutviklinga i tillegg til Staten.

For kommunen betydde vedtaket at all byekspansjon etter 1970 måtte skje minst fem kilometer frå flyplassen. Byutviklinga skjedde «utenfor de støybelastede områdene» noko som førte til større avstand mellom bustadstroka og viktige sentrumsfunksjonar, med påfølgande trafikale utfordringar. Byen måtte ekspandere langs ein riksveg bort frå støy, dyrka jord, men også langt unna bysentrum. Byen vart ein meir utprega bilby enn nødvendig, med sterk rushtrafikk, støv og forureining. I tillegg vart kulturlivet og sentrumsaktivitetane på kveldstid – det urbane livet – prega av at folk ikkje brukte bysentrum i like stor grad. I dag bur det om lag 10 000 innbyggarar (tilsvarande Hammerfest) i denne bydelen Bodø, ein bydel langt unna «byen».

Når no den same Staten trekker + ÷ 1000 arbeidsplassar ut av Bodø er det ikkje meir enn rett og rimeleg og krevje ein kompensasjon for den uheldige situasjonen byen har vore prega av sidan «Flystøyutvalet» i 1962. Tenk om andre skulle oppleve tilsvarande tap av arbeidsplassar, jf. Rana og Varanger?

No er heile Bodø-halvøya ute av flystøysona, noko som gir høve til å utvikle byen nærmare det historiske bysentrum. Vi kan gjøre byen meir miljøvennleg og attraktiv for næringslivet, men først og fremst auke bukvaliteten for dei som skal bu og virke her. Det skal totalt koste 7 milliardar. Staten bidrar med 3,1. Resten kjem frå Bodø kommune og Nordland fylkeskommune. Avinor må uansett ut med betydelege summar for å ruste opp eksisterande flystripe om kort tid, så her er det gevinstar å hente med å tenke langsiktig, noko Fjellheim ser heilt bort frå. Det heile er altså eit spleiselag som tar sikte på å utvikle smarte løysingar for ein by og ein region som sårt treng nye satsingar. Dette kostar ikkje Staten 7 milliardar, noko Fjellheim underslår. Han vel heller å drive lettvindt feilinformasjon.

Han har derimot rett i at flyplassen i Bodø er ein «gjøkunge». Han burde også innsett at tida er inne for å rydde opp i reiret når gjøkungens mor – Forsvaret – dreg til Ørlandet. Der har det vanka millionar til sivilsamfunnet i form av innløysing av eigedomar, støydemping, tilrettelegging, ja til og med skjønnsmidlar til landbruk. Flyttinga vil kanskje komme på så mye som 40 milliardar når det er i mål, og då har forsvaret bygd opp hangarar for milliardar som alt var på plass i Bodø og på Andøya. Men slike ting hissar ikkje Fjellheim seg opp over. Til det er han for opphengt i Bodø. Dei fleste andre skjønnar at dette er eit byutviklingsprosjekt som tar sikte på å rydde opp i eit 60-70 år gamalt problem for Nord-Noregs nest største by.