Ny by – ny flyplass er eit problematisk prosjekt på mange måtar. 27. mars skreiv eg eit innlegg i Avisa Nordland om det enorme potensialet for byutvikling som ligg i kyststripa som no skal verta sprengt ned og fylt ut til flystripe. Dersom dette prosjektet vert gjennomført, er det eit reint tjuveri frå dei komande generasjonane med Bodø-væringar og ei enorm sløsing av moglegheitar.

Asplan Viak laga i 2015 ein rapport som vurderte alternativet med byutvikling sør for flyplassen opp mot flyplassflyttinga som er planen no. Denne rapporten talar for at flyplassflytting er det beste, sjølv om han òg peikar på gode kvalitetar ved byutvikling langs kysten. Denne rapporten har tre svake punkt som gjer han lite eigna til å diktera retningsvalet for Bodø.

Fyrst av alt er folketalsestimata mykje høgare enn seinare framskrivingar viser. Rapporten tek utgangspunkt i eit folketal på 76 000 i 2050, med ein befolkningsvekst på 1,15 %. SSB sitt høgaste estimat no er 62 000 i 2050, medan hovudestimatet er 56 000 med ein vekst på 0,26 %.

Det andre problemet er at rapporten legg stor vekt på avstandar dersom flystripa deler byen i to, sidan rapporten tek utgangspunkt i at all trafikk må gå rundt flystripa. Med undergangar og kulvertar under flystripa vil ulempene frå avstand verta svært reduserte, men rapporten seier aldri noko om dette.

Til slutt glimrar rapporten med eit fråvær av klimarekneskap for dei to alternativa. Avinor har rekna ut at utsleppa frå bygginga av den nye flyplassen kjem til å vera om lag det same som dei samla utsleppa frå heile Bodø kommune i løpet av eit heilt år. Byutviklinga vert framstilt som eit klimaprosjekt, men initialkostnadane vert altså ikkje vurderte.

I ein leiar i AN 4. mai skriv avisa at flyplassflyttinga er århundrets prosjekt for Bodø, og eit av dei mest spennande byutviklingsprosjekta i Europa på grunn av ambisjonane om ein utsleppsfri bydel. Kva legg dei eigentleg i omgrepet «århundrets prosjekt»? Sidan dei snakkar om utvikling, går eg ut frå at dei snakkar om det komande århundret. Det er liten tvil om at flyteknologien og -trafikken vil sjå heilt annleis ut om 100 år enn i dag. Avinor har som mål at all innanriks flytrafikk skal vera elektrifisert innan 2040. Dette fører ikkje berre til reduserte utslepp, men sterkt redusert flystøy og kortare landingsområde. I 2122 vil dei truleg stå der med ein håplaust overdimensjonert og utdatert rullebane i staden for ein kystby med sandstrender og panoramautsikt. Kva trur me dommen frå etterkomarane våre vil vera?

Denne problemstillinga er ikkje unik for Bodø, og me kan læra mykje av å sjå til byar som Trondheim, Hamar og Sandvika. På ulike tidspunkt i historia har det virka svært lurt å legga jernbane eller motorveg langs sjøen. I ettertid vil likevel dei fleste vera einige om at desse plasseringane har skapt store problem for vidare utvikling i byane og øydelagt kontakten mellom byen og sjøkanten.

Når AN og mange andre framstiller Ny by – ny flyplass som eit klimatiltak, ser dei utelukkande på utsleppa frå den nybygde bydelen. I ein artikkel 9. januar 2021 skriv AN at utbygginga av flyplassen aleine vil føra til like store utslepp som heile Bodø hadde i 2018. Dersom me fordeler utsleppa frå det året – minus sjøfart, anleggs- og landbruksmaskinar – på alle innbyggarane i kommunen, ser me at innsparingane frå den uttsleppsfrie bydelen fyrst vil gå i null i 2061. Då tek eg utgangspunkt i at all folkevekst etter SSB sitt hovudestimat skjer i den nye bydelen, at den nye bydelen ikkje slepp ut eit gram C0₂ og at utsleppa blant innbyggarane elles er konstante i heile perioden. Sannsynlegvis vil prosjektet aldri få ein klimagevinist, sidan resten av samfunnet uansett vil få gradvis lågare utslepp i tiåra som kjem, slik at gevinsten av ein nullutsleppsbydel fyrst og fremst vil ligga i dei fyrste tiåra.

Dei unngår òg å nemna at det er fullt mogleg å bygga ein nullutsleppsbydel sør for dagens flyplass. Ei nødvendig oppgradering av dagens rullebane vil naturlegvis òg føra med seg store utslepp, men eg tviler på at det ligg i same størrelsesordenen som ein heilt ny rullebane gjennom åsar og ut i hav.

I leiaren sin skriv AN òg at prosjektet må koma i gang så fort som mogleg, fordi kommunen er avhengig av tomtesal for å kunna betala sin del av rekninga. Med ein forsinkelse på berre to år, kan interesserte bedrifter finna seg andre stader å etablera seg. Viss dette storslåtte hundreårsprosjektet står og fell på bedrifter som mistar interessa på to år, kan det kanskje tyda på at slottet er bygd av meir luft enn stein.

Kjære Bodø-politikarar: Ta ein tenkepause før det er for seint. Forutsetningane har endra seg mykje dei siste åra, og når me planlegg for dei neste hundre åra, har me tid til å vurdera saka på nytt.