Gå til sidens hovedinnhold

Avhengig av oljen?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Oljen og gassen på norsk sokkel minkar. Funna er små, færre og lengre nord. Fleire land fasar ut olje og gass, og oljeprisen er usikker. Ein studie Statistisk Sentralbyrå har gjort for Naturvernforbundet viser at oljeinntektene vil falle midt på 2020-talet, og frå 2030 blir fallet stort. Noreg må omstille seg.

Stilt i valkampen

Besteforeldrenes klimaaksjon åtvarar: Global oppvarming til 1,5 gradar vil redusere ressursgrunnlaget, forsyningane av mat og vatn, helsa og tryggleiken. Tendensen går mot mykje sterkare oppvarming. Neste generasjon kan oppleve samanbrot av samfunn, velferd og verdsøkonomi. Både unge og eldre er urolege og krev handling. For sju år sidan oppfordra FN nasjonane til å la fossile ressursar ligge, og Noreg gjorde det motsette. I utlandet blir det snakka om norsk klimahykling: Vi er nasjonen som snakkar pent om klimaet og tener stort på oljeeksporten. For første gong er klimaet ei hovudsak i norsk valkamp, men når det gjeld oljen og gassen, er det temmeleg tyst.

Stor satsing i Barentshavet

Utsleppa frå oljen og gassen som Noreg eksporterer, er ti gongar større enn dei samla utsleppa innanlands. Noreg er den største eksportøren av gass i Europa. Globalt står norsk gasseksport for 3% av dei globale CO2-utsleppa og oljeeksporten for 2%. Utfasing av norsk petroleum kunne gjere ein forskjell, men det som skjer, er storsatsing på olje- og gassleiting i Arktis. I november lyste olje-og energiminister Tina Bru ut nye leitetillatingar (25. konsesjonsrunde). Storparten, 125 blokker, ligg inordre Barentshavet nord for Finnmark. Tillatingane skal delast ut no før sommaren. Sju større oljeselskap har søkt, mellom dei Equinor og Shell. Når eit selskap får utvinningstillating, har det einerett til leiteboring og utvinning av olje og gass i området, og eig oljen som blir produsert.

Barentshavet er ikkje mindre viktig enn Lofoten. Der lever og vandrar torsk, hyse, lodde, reker og sild. Sjølv om oljeselskapa skal ta omsyn til fiske og marine organismar, vil seismikkskytinga under leitinga skremme og skade fisk og yngel. Polarinstituttet har oppfordra til å halde leiteboringa så langt sør som muleg av omsyn til livet i havet, men er ikkje blitt høyrt. Storhavet i nord er det siste satsingsområdet til oljenasjonen.

I fjor vår stupte oljeprisane, og det vart bora fem tørre brynnar i Barentshavet. Oljeelskapa klarte seg riktig bra, fordi Staten tok utgiftene. Gjennom leiterefusjonsordninga og petroleumsskatteregimet under koronakrisa betaler Staten i dag over 90% av kostnadane ved leiteboring. Selskapa kan ikkje tape på satsinga. Klimaomstillingsutvalet åtvarar: Ulønnsame felt kan bli sett i drift.

Talet på arbeidsplassar

Olje- og energiministeren oppgav i november at det er 200 000 arbeidsplassar i norsk olje-og gassnæring med leverandørindustrien. Men kva er ein arbeidsplass i dag? Også oljesektoren er prega av lausarbeid, korttidsjobbar og arbeidsimport gjennom bemanningsbyrå. Statistisk Sentralbyrå fann at Noreg siste kvartal 2020 hadde 56 300 årsverk i utvinning av råolje og naturgass, inkludert tenester. Då har byrået rekna korttids- og deltidsarbeid om til heiltid, og talet omfattar både lønnstakarar og sjølvstendige. Tenestene knytt til olje- og gassutvinninga, altså leverandørane, utgjer knapt 60% av årsverka.

Korleis er det i Nord-Noreg? Kor mange i olje- og gassnæringa bur og skattar i landsdelen? Har dei fast jobb eller kortvarige oppdrag? I 2019 stod «innpendla» arbeidskraft for knapt halvparten av dei petroleumsrelaterte årsverka i Finnmark. Olje- og gassutvinninga med leverandørindustrien i fylket hadde 468 lokale årsverk i 2019, i følgje Levert-rapporten, som Kunnskapsparken i Bodø gir ut saman med m.a. Equinor og Olje- og energidepartementet. Same året hadde 1188 kvinner og menn fiske som hovudyrke i Finnmark. Det er lokale arbeidsplassar, og talet omfattar ikkje leveransar eller fiske som attåtnæring. Tala lar seg ikkje samanlikne direkte, men det er klart at fiske gir langt fleire arbeidsplassar i fylket enn olje og gass. Det same gjeld heile landsdelen, der olje- og gassutvinninga med leverandørindustrien i 2019 stod for 1166 lokale årsverk, medan 4315 hadde fiske som hovudyrke. Unge som søker fiskaryrket finn det dyrt å skaffe seg fiskekvote, men oljeleitinga i det same havet er fullsubsidiert.

Det er no klart at olje og gass ikkje blir ført i land i Finnmark. Oljen frå det siste store funnet i Barentshavet, Johan Castberg-feltet, skal takast opp i eit produksjonsskip som Equinor får bygd i Singapore, og fraktast på tankskip rett til marknadane. Konklusjonen er at arbeidsplassane i petroleumsnæringa er langt færre enn det som blir sagt, og dei har ei uviss framtid. Det er nødvendig med planlagt omstilling som kan sikre bærekraftige, faste jobbar og utnytte kompetansen. Det er eit statleg ansvar, og det hastar.

Hysj, seier milliardane

Korfor er ikkje oljen tema i valkampen? Er vi blitt mållause av oljerikdommen? Noreg oppdaga sist på 1960-talet ein naturressurs som var så ettertrakta og gav slike inntekter at alle andre næringar kom i skuggen. Statsapparatet, som kontrollerer hovudparten av oljenæringa gjennom Equinor, har etter alt å døme vent seg til å omgåast med eventyrlege rikdommar. Enorme leiarlønningar blir oppfatta som naturlege. Noreg kastar pengar etter oljeselskapa for å få dei til å bore i Arktis, med håp om å få dei siste ressursane ut på dei siste marknadane. Og når isen smeltar i Arktis, blir kanskje nye olje- og mineralfelt tilgjengelege.

Velferden kom før oljen

Oljefondet på ti tusen milliardar er investert på finansmarknadane utanlands til god avkasting. Tre til fire prosent av avkastinga – ikkje sjølve fondet – blir brukt årleg i statsbudsjettet. Fondet er altså ein solid buffer for statsinntektene, dersom oljeprisen stuper, eller Noreg fasar ut oljen. Når då oljeinntektene på sikt går ned, kva med velferden?

Velferdsstaten var bygd før den første oljen vart tatt opp. «Lov om folketrygd» i 1967 var sluttsteinen. Vi som vaks opp før oljealderen har jo opplevd det. Velferden vart bygd gjennom tiår med politiske mål, lovarbeid og innsats frå helsepersonell og frivillige kvinnebevegelsar. Femti år seinare har vi eit av verdas rikaste samfunn, med voldsom privat og statleg sløsing og djupe sosiale forskjellar. Eit velferdssamfunn bygg på viljen til fordeling og omfordeling. Det er muleg også etter oljen. Då må klimaendringane bremsast.

  • Aune, Cappelen og Mæland 2020: Konsekvenser av redusert petroleumsvirksomhet SSB2020/38
  • Besteforeldrenes Klimaaksjon 2020: Norsk klimapolitikk – fortid og framtid
  • Misund og von Quillfeldt 2020: Polarinstituttets råd om iskanten: Sett grensen så langt sør som mulig. Dagens Næringsliv24.04. 2020
  • SSB,Statistikkbanken
  • Levert 2019: Petroleumsrelatert leverandørindustri i Nord-Norge
  • Klimaomstillingsutvalget 2020: Raskere klimaomstilling. Redusert risiko

Kommentarer til denne saken