Gå til sidens hovedinnhold

Alternativ til EØS

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ingalill Olsen, stortingsrepresentant for Ap i Finnmark, skriv i eit debattinnlegg i nordnorske aviser blant anna: «Fiskerinæringa, og resten av landet, fungerer så godt som det gjør, ikke minst på grunn av EØS-avtalen og vårt felles veterinærsystem…»

Ap og Høgre gjer no felles front mot dei partia, SP, Raudt og store delar av SV som meiner at EØS-avtalen må seiast opp.

Ingalill Olsen er uroa over om det er mogeleg å framforhandla ein alternartiv handels-og samarbeidsavtale mellom Noreg og EU.

Det er det, og til og med eit mykje betre alternativ til samhandling med EU enn dagens EØS-avtale bestemmer, for Ingalill Olsen - det er ikkje EØS-avtalen som gjer at det går så godt i Noreg.

Der det går godt i Noreg er det snarare trass i denne avtalen enn som eit resultat av EØS-avtalen.

Sentrale Ap-politikarar og Høgre-politikarar har sidan 1994 lovprist EØS-avtalen ovanfor det norske folk. Grunnen til dette er at Noreg hadde ein Handelsavtale med EU frå 1973, og det var ein to-sidig avtale. EU og Noreg hadde signert ein avtale i 1973 som innebar like vilkår, ingen avtalepartnar skulle dominera den andre. Ein slik avtale skapar grobotn for gjensidig utvilking.

Men Gro Harlem Brundtland, statsminisrer frå Ap, og Jonas Gahr Støre, noverande leiar av Ap, i tillegg til Høgre, ivra alle for nærast mogeleg tilknyting til EU.

Med EØS-avtalen måtte norske styresmakter akseptera og etterleva lovverket til EU.

Og det var nettopp gjennom denne avtalen at Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre garderte seg og mot eit eventuelt Nei ved folkerøystinga om medlemskap i EU eller ikkje seinare på hausten.

Som stortingspolitikar, med ansvar for å laga norske lover, burde du Ingalill Olsen, meir enn nokon ta inn over deg korleis du og andre politikarar på alle politiske nivå frå Stortinget til fylkesting og kommunestyre gjennom EØS-avtalen vert dikterte av EU.

Me har lært på skulen at det er Stortinget som er den lovgivande forsamlinga i Noreg og finn det difor rart at norske politikarar gjennom EØS-avtalen vert nekta å gjera jobben sin med å utvikla den velferdsstaten som tidlegare politikarar la grunnlaget for. No skal stadig meir skje på EU sine premissar.

Når EU i tillegg ynskjer å privatisera så mykje som mogeleg av offentleg sektor og erstatta folkestyrt samfunnsutvikling med EU sine fire friheiter; fri flyt av varer, tenester, kapital, folk og fri flyt av energi som ei femte friheit, er det noko som kortsluttar.

Både Handelsavtalen frå 1973 og EØS-avtalen frå 1994 opnar opp for ein stor kjøparmarknad. Og sjølvsagt er det nødvendig å ha ein marknad for dei varene som vert laga i Noreg. Både den innanlandske marknaden og handel med andre land er viktige for å tryggja den norske velferdsstaten.

Difor er det viktig å ha handelsavtalar med andre land. Men det må vera tosidige avtalar der landa er likeverdige – ikkje slik som med EØS-avtalen der EU einsidig fastset alle spelereglane og grip inn i samfunnsstyringa av det einskilde landet.

Det stortingsfleirtalet som sa ja til EØS-avtalen overførte ein omfattande del av den norske sjølvråderetten til EU. Det viser dei 12-13.000 lovane frå Brüssel som er gjort gjeldande som norske lovar.

Kvifor gjorde dei det? Det sjølvsagte svaret er at Gro Harlem Brundtland, Jonas Gahr Støre og resten av «koalisjonen» Ap og Høgre ivra for eit norsk EU-medlemsskap. EØS-avtalen var eit viktig steg i denne prosessen. I ettertid har difor Jonas Gahr Støre heile tida hevda at EØS-avtalen ligg fast. I tjue seks år har Ap og Høgre lovprisa EØS-avtalen og kvar gong dei har høve til det kjem fråsegna; EØS-avtalen tener landet godt, ei løgn som for mange er blitt ei sanning.

Til og med no under koronakrisa applauderer helseministeren EU for å ha ordna vaksinedosar til Noreg. Det ville ha vore nett det same om me i dag hadde hatt den gamle Handelsavtalen.

Det er i dag eit eit fleirtal innan partia Raudt, SV og Sp som ynskjer å seia opp EØS-avtalen.

Ingalill Olsen, stortingspolitikar frå Ap og Finnmark, treng likevel ikkje uroa seg, for alternativet har vore klart heile tida.

Sjølv om Noreg har hatt nær tilknyting til dei europeiske landa på mange område, og truleg vil ha det i framtida og, må me jo akseptera at verda er større enn EU.

Sjølve utmeldingsprosessen frå EØS-avtalen er rein plankekøyring sidan ein slik eventualitet er nedfellt i artikkel 127 i avtalen;

«Kvar avtalepart kan trekkja seg frå denne avtalen ved å gi minst tolv månaders skriftleg varsel til dei andre avtalepartnerane… Så snart varselet om at ein av avtalepartnerane ynskjer å trekkja seg frå avtalen, skal dei andre avtalepartnerane kalla saman ein diplomatisk konferanse for å vurdera dei endringane det måtte vera nødvendig å gjera i avtalen.»

EØS-avtalen omtalar med andre ord ei eventuell utmelding på ein udramatisk måte og legg opp til forhandlingar for å greia ut om dei endringane som må gjerast i avtalen i samband med utmeldinga.

Det å påstå at EØS-avtalen er nødvendig for å få selt varene våre på den europeiske marknaden er direkte løgn.

Tidlegare handelsminister, og frå Ap, uttrykte seg slik:

"Betydningen av EØS-avtalen er meget sterkt overdrevet. At vi uten denne avtalen ville spille hasard med norske arbeidsplasser, slik det har vært hevdet, har intet grunnlag i den virkelige verden. Mange tror at EØS er avgjørende for markedsadgangen til EU. Dette er ikke riktig. Ved bortfall av EØS, ville den tidligere Handelsavtalen med EU trå i kraft i samsvar med bestemmelsen i § 120 i avtalen. Norge vil kunne selge sine varer uten toll og andre handelshindringer akkurat som før.»

Kommentarer til denne saken