Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Alt for Noreg» var det valspråket kong Haakon 7. gjorde til sitt valspråk i 1905 då han vart innsett som konge i Noreg.
Dette valspråket fortel mykje om den mannen , som både i teori og praksis, etterlevde valspråket sitt.
I krigsåra 1940-1945 bar han alltid på seg ei lommeutgåva av den norske Grunnlova.
Symbolikken av valspråket og Grunnlova billedleggjer ein heilstøypt representant for det norske kongehuset og for Noreg.
Kontrasten til eit fleirtal av dagens stortingspolitikarar og mange av dei kandidatane som er nominerte som framtidige stortingskandidatar ved stortingsvalet 13. september 2021 er stor.
EU overkøyrer Stortinget
Det er og vanskeleg for mange velgjerar å skjøna kvifor parti som Ap, Høgre, Frp, MDG og Venstre, alle EØS tilhengjarar og delvis EU tilhengjarar, vil bruka mykje tid, energi og pengar på representasjon i den norske nasjonalfjorsamlinga, Stortinget.
Når eit stadig meir omfattande EU-regelverk, med mange nye direktiv/lover kvart år, er førande for norske politikarar, overkøyrer EU Stortinget.
Med andre ord vert den grunnlovsfesta lovgivande forsamlinga i Noreg sett på sidelina til fordel for fri flyt og marknadspolitikk frå Brüssel.
Eit byråkrati for EU
Då kong Haakon vart innsett som konge i Noreg, gjekk landet vårt ut av ein union med Sverige og fekk full sjølvråderett.
Med full sjølvråderett er det Stortinget som bestemmer over norske naturressursar, norsk jarnbane – og samferdslepolitikk, norsk arbeidslivspolitikk, norsk arbeidsinnvandringspolitikk , sosial og velferdspolitikk – ja, det er norske folkevalde sin jobb å tilretteleggja for eit best mogeleg samfunn for oss alle.
Utan EØS-avtalen kan ikkje EU gripa inn i det norske styringssystemet og diktera norske politikarar.
EU legg til rette for mest mogeleg marknadsstyring og minst mogeleg folkevald, demokratisk styring.
Difor er det fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tenester i EU-EØS området.
I eit slikt system har fleirtalet av våre folkevalde stortingspolitikarar redusert seg sjølve til eit byråkrati for EU.
Dette nektar EU- EØS tilhengjarane for og lovpriser EØS-avtalen når som helst dei har eit høve til det.
Dei har faktisk sagt det så ofte at folk trur det er sanning.
Winston Churchill, den kjende britiske statsministeren, skal ha sagt fylgjande: «A lie gets halfway around the world before the truth has a chance to get its pants on» - «Ei usanning (løgn) går halvveges rundt jorda før sanninga får på seg buksene. (før sanninga får avkrefta løgna)
EØS-avtalen har ført til mykje privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg sektor. Det som skulle vera ei forvaltning av skattebetalarane sine pengar vert organisert etter bedriftsøkonomiske prinsipp der inntening til tider er viktigare enn å yta god omsorg og velferd til folket.
Kommunale etatar vart organiserte som resultateiningar- og med stadig lågare budsjettramer går det ut over både talet på tilsette, på arbeidsmiljøet og på omfanget av den tenesta dei maktar å gi til dei som treng ho.
Er det slik me ynskjer å ha det framover?
Her kjem nokre døme på den bedriftsøkonomiske, privatiseringsretta og EU tilpassninga fleirtalet av våre folkevalde stortingspolitikarar har gjennomført.
Helseforetak
Det er mest ikkje til å tru at Ap under statsminister Jens Stoltenberg tok initiativ til å organisera sjukhussektoren i Noreg som helseforetak – frikopla frå politisk styring. Landet vart delt inn i fem helseregionar der helsesektoren skulle tena pengar på pasientbehandling!
Eit hierarkisk, byråkratisk system med mange leiarar og mellomleiarar organiserer no sjukehusa våre og pasientbehandlinga slik at det skal føra til overskot.
Korleis klarer dei det?
Frå fyrste stund vart talet på sengeplassar redusert. Noreg er i dag eitt av landa i Europa med færrast senger i høve til folketalet. Vidare vart talet på helsearbeidarar redusert og det vart mange med reduserte stillingar.
Tryggleiken for transport av ferdigbehandla pasientar vart redusert. Og me fekk historiar om utskrevne pasientar frakta heim utan pårørande heime til å ta i mot dei – og gjerne på seine kvelden.
Kven har tid til å sjekka alt når ein skal tena pengar?
Eller pasienten vert sendt helseetaten i heimkommunen til vidarebehandling i samsvar med den «geniale» Samhandlingsreformen som påla kommunane denne oppgåva. Dermed har helseforetaka ryggen fri.
Tryggleiken for gravide kvinner med tett oppfylgjing av jordmor vart redusert . I tillegg vert fødeklinikkar lagt ned og fleire fødeklinikkar vert stengde sumarstid.
Dette er kynisk bedriftsstyring av eitt av dei viktigaste velferdstilboda i samfunnet.
«New Public Management» eller Den nye offentlege styringsmodellen i praksis.
Samstundes seier Jonas Gahr Støre at «velferdsstaten er Ap sitt hjartebarn sjølv om han går i mot politisk, folkevald styring av sjukehusa.
Kan ei slik haldning vekkje tillit?
Vasskraft og energi
Den andre saka der eit fleirtal av våre folkevalde politikarar faktisk gjekk mot folket , var då dei overførde kontroll- og styringsmynde av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå.
Høgre og Ap var samstemte om dette. Ap-leiinga gjekk mot 120 Ap ordførarar sitt nei til ACER.
Denne respektlause og arrogante overkøyringa av eigne tillitsvalde kan ikkje leggjast i ei skoff.
Me har ikkje lov å gløyma denne handlinga som faktisk tyder at Ap og Høgre ga blaffen i norske velgjarar til fordel for EU og EØS.
EØS-avtalen og draumen om eit EU-medlemsskap tyder så mykje for både Høgre, Ap og Venstre at dei ofra den velregulerte norske arbeidslivsmodellen Noreg hadde for både arbeidstakar og arbeidsgivar før stortingsfleirtalet sa ja til EØS-avtalen.
Tatt med buksene nede
Den frie flyt-politikken, sjølve grunnprinsippet for avtalen med fri etableringsrett for EU-verksemder i Noreg og fri flyt av arbeidstakarar, kapital, varer og tenester skapa eit arbeidsliv med ei veksande gruppe av underbetalte og utnytta arbeidarar. Mange av dei nye verksemdene respekterte ikkje dei norske arbeidslivsreglane, noko som førte til at lovlydige norske verksemder gjekk konkurs.
Dette er resultatet av den EØS-avtalen som både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg lovprisar og hevdar tener Noreg godt.
Fri flyt av arbeidskraft frå EU har vore ei soveputa for norske styresmakter som heilt «hovudlause» har neglisjert tanken på å byggja opp ein tilstrekkeleg tilgang til norske sesongarbeidarar både i fiskeindustrien og i jordbruket.
Då pandemien sette innreisestopp for utanlandske arbeidarar, vart både Støre og Erna Solberg tatt med buksene nede.
Når Ap saman med Høgre – dei to største partia i landet – lar marknaden styra utviklinga, må det vera noko fundamentalt galt.
Når stortingspolitikarar og regjeringspolitikarar nærast vegrar seg frå politisk/demokratisk styring av landet og no, i forkant av stortingsvalet, gjer kva dei kan for å få politisk makt og høge posisjonar, må ein spørja seg kva dei vil nytta denne makta til.
Mange velgjarar føler at det offentlege sikringsnettet og sjølve demokratiet er i ferd med å smuldra sund. Fleire av dei som har behov for hjelp og tar kontakt med NAV vert mistenkeleggjorde og ikkje trudde. Den såkalla arbeidslina tvinger både sjuke og uføre ut i eit arbeidsliv dei ikkje har helsa til å klara.
Ynskje til raudgrøn regjering
Det er stortingsval den 13. september 2021 og eg håpar på eit raudgrønt fleirtal.
Mitt ynskje til den nye regjeringa er blant anna:
- Dei må skrota helseforetaksmodellen.
- Dei må oppheva tvangssamslåinga av kommunar og fylkeskommunar.
- Dei må gjenopna høgskulen i Nesna
- Dei må overføra nok pengar til kommunane slik at dei har økonomi i høve til det tenestetilbodet dei vert pålagde.
- Dei må organisera både vegambulansen og luftambulansen på ein slik måte at folk føler seg trygge for at dei får hjelp når dei treng det.
- Dei må leggja til rette for ei rettvis progressiv skatteleggjing av dei ulike inntektsgruppene
- Dei må avskaffa eit avgiftssystem som ikkje skil mellom kong Salomo og Jørgen Hattemakar.
- Dei må stoppa vidare privatisering av velferdstenester.
- Dei må hugsa på at Noreg er eit langstrakt land og treng ein jarnbane frå Oslo til Kirkenes
- Dei må sei opp EØS-avtalen.
- Sist men ikkje minst viktig: Dei må hugsa på at dei er våre tenarar, at me er arbeidsgivarane og krev gjensidig respekt.
Lista kunne ha vore mykje lengre, men ho er lang nok til å gjera det klart for meg at verken Jonas Gahr Støre eller Erna Solberg vil vera rette statsminister for Noreg og det norske folk.
Det er fleire dugande stortingskandidatar blant dei raudgrøne som set likheitsteikn mellom tale og gjerning. Det er ein/ei slik me treng.
Me treng ein person som kong Haakon 7, med «Alt for Noreg» .